Parkeringshus ase 2 Margarida Pais ole sovik illustrasjon Margarida Pais Arkitektur
GODT FJORÅR: Margarida Pais og Ole Søvik er to av arkitektane i Ålesund-firmaet. Eit nytt parkeringshus ved Ålesund sjukehus er mellom dei siste bygga selskapet har teikna. Illustrasjon: Margarida Pais Arkitektur
Nytt

Inntekter og overskot skaut opp for arkitektpar

Solid rekord for Ålesund-firma i sitt tiande år.

Marius Rosbach
19.03.2025

I sitt tiande år hadde  Margarida Pais Arkitektur sitt klart beste år nokon gong. Det går fram av rekneskapen som no er offentleg. 

Inntektene som i mange år låg i overkant av éin million, bikka tre millionar første gong i 2022, og gjekk enno litt opp året etter. 

I fjor auka inntektene nye 50 prosent og enda på nær 5,8 millionar kroner (sjå tabell under).

Også overskotet blei svært solid med eit resultat før skatt på 1,9 millionar  - og ein resultatmargin på drygt 30 prosent. 

Margarida Pais Arkitektur 
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt5,83,8
Driftsresultat1,90,9
Resultat før skatt1,90,9

Er blitt fleire
Det må seiast å vere svært godt for selskapet som blir leia av Margarida Pais. Dei siste åra har Ole Søvik – tidlegare kommunalsjef og planleggar i Ålesund kommune – kome inn i firmaet. 

Pais eig 60 prosent og Søvik eig 40 prosent av aksjane i selskapet.

I løpet av fjoråret kom det også inn ein tredje person i firmaet som har adresse i Ålesund sentrum. 

Fortalde om høg aktivitet
Eit nytt bygg der fleire fiskeeksportørar skal flytte saman ved Nørvevika, er blant oppdraga arkitektkontoret hadde i fjor.  

Søvik fortalte under presentasjonen av bygget at arkitektfirmaet hadde mykje å gjere, til trass for at det var en nedgang i bustadbygginga i regionen. 

Høg aktivitet for arealplanlegging i Ålesund, bidrog til å løfte aktiviteten. 

Eigenkapitalen til Margarida Pais Arkitektur var nær ein halv million og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld ved utløpet av året. 

Publisert: 19.03.2025 08:45

Sist oppdatert: 19.03.2025 08:47

Mer om