Nybygg gruppebilde Oceans Supereme Norwegian Seafood Company foto Marius
NYBYGG: Her i Nørvevika skal Ocean Supreme og Norwegian Seafood Company flytte saman. Frå venstre: Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø Strand, prosjektleiar Vegard Grønstad i Peab K. Nordang, dagleg leiar Kjetil Nordang i Peab K. Nordang, dagleg leiar Leif Birger Midtgård i Norwegian Seafood Company, dagleg leiar Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme, Ocean Supreme-partnar Thomas Lupke, distriktssjef Geir Rødseth i Peab K. Nordang, Margarida Pais og Ole Søvik frå Margarida Pais Arkitektur. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sjømatbedrifter bygger nytt og flytter saman

Fiskeeksportørar går saman om å etablere det dei vil utvikle til eit større bransjemiljø i Ålesund.

Marius Rosbach
15.11.2024

Så snart alle papira er i orden, vil spaden bli sett i jorda for eit nytt kontorbygg i Nørvevika i Ålesund. På nabotomta til Aalesund Protective Wear vil det kome eit bygg på tre etasjar pluss parkeringskjellar. 

Eigarane i fiskeeksportørane Ocean Supreme og Norwegian Seafood Company står bak satsinga. Målet er å skape eit miljø med fleire bedrifter i fiskeri- og sjømatbransjen.

– Vi ønsker å styrke fagmiljøet i Ålesund, fortel Ocean Supreme-sjef Botholf Stolt-Nielsen til Nett No. 

Han tek i mot Nett No på tomta saman med Norwegian Seafood Company-sjef Leif Birger Midtgård, byggherre og arkitektar. 

Nybygg Ocean Supreme Norwegian Seafood Company illustrasjon Margarida Pais Arkitektur jpg
KAN STÅ KLART OM TO ÅR: Sjømataktørane har planar om å flytte inn i det tre etasjer høge kontorbygget med parkeringskjellar i løpet av 2026. Med seg håpar dei å få fleire fiskeri- og sjømatbedrifter. Illustrasjon: Margarida Pais Arkitektur

Håpar å flytte inn i løpet av 2026
Partnarane treng sjølv om lag halvparten av bygget, og har planar om å leige ut resten til andre aktørar i bransjen. 

– Vi vil etablere eit kontorfellesskap både for våre selskap og andre bedrifter i sjømatbransjen i Ålesund, seier Stolt-Nielsen.

Bygget blir totalt på drygt 4200 kvadratmeter og vil delvis ligge på ei fylling i sjøen. Det er teikna av Ole Søvik og Margarida Pais i firmaet Margarida Pais Arkitektur og Peab K. Nordang har fått oppdraget med sjølve bygginga. 

Investeringa er på kring 130 millionar og målet er å flytte inn siste halvdel av 2026. 

Nybygg tomt Oceans Supereme Norwegian Seafood Company foto Karoline
I VASSKANTEN: Tomta der nybygget kjem er allereie fylt ut nokre meter i vasskanten. Bygget vil slutte om lag der fotografen står. Foto: Karoline Prytz Berset

– Potensiale i å samle næringa
Sjølv om tidspunktet for å bygge nytt knapt kan seiast å vere det mest gunstige når det gjeld byggekostnader og rente, meiner aktørane satsinga vil stå seg i det lang løp. 

– Sjølv om det er mykje bra med fagmiljøet i Ålesund allereie, så er det viktig at vi jobbar for å utvikle det vidare. Det er stor konkurranse med andre regionar og vi er avhengige av fleire kloke hovud, seier Stolt-Nielsen

Han viser til ordtaket som Idar Ulstein gjerne framførte, om at bedriftene må samarbeide når dei kan, og konkurrere når dei må. 

– Vi trur at det ligg ein del potensiale i å samle næringa i eit felles kontorbygg, legg han til.

Vi må jobbe med å bli endå betre for å sikre oss nye medarbeidarar
Leif Birger Midtgård

Både arbeidsplassar og fagmiljø teller
Dei to partnarane som flytter saman i Nørvevika, omsett for nærare 3,5 milliardar kroner årleg ved å selje fisk til store delar av verda. 

Ocean Supreme er store på laks og øret, medan kvitfisk er Norwegian Seafood Company sin spesialitet. 

Dagleg leiar Leif Birger Midtgård i Norwegian Seafood Company påpeiker at ein del av fiskerinæringa har forsvunne frå Ålesund i løpet av dei siste tiåra. 

– Vi må jobbe med å bli endå betre for å sikre oss nye medarbeidarar. Då må både arbeidsplassane og fagmiljøet rundt vere attraktive, seier Midtgård. 

Vegard Gronstad Botholf Stolt Nielsen Kjetil Nordang Leif Birger Midtgard foto Marius
LOKALT BYGGEOPPDRAG: Peab K. Nordang sikra seg jobben med det nye kontorbygget i Nørvevika. Frå venstre: prosjektleiar Vegard Grønstad i Peab K. Nordang, dagleg leiar Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme, dagleg leiar Kjetil Nordang i Peab K. Nordang og dagleg leiar Leif Birger Midtgård i Norwegian Seafood Company. Foto: Karoline Prytz Berset

Brems for leverandørindustrien
Stolt-Nielsen kom til Ålesund på 1990-talet då Pan Fish blei etablert. Han meiner det var eit miljø som i seg sjølv gjorde det interessant for folk å kome til byen for å jobbe her. 

Sidan blei Pan Fish kjøpt opp og hovudkontoret forsvann. Det bidrog til at Ålesund sin posisjon i fisker- og sjømatbransjen blei svekka.

Dei siste åra har grunnrenteskatt på oppdrett bremsa aktiviteten for store delar av leverandørindustrien til oppdrett på Nordvestlandet. 

Ei slik utvikling kan true Ålesund sin posisjon som den kommunen i landet med størst verdiskaping frå sjømat. 

– Treng å rekruttere ungdom
Botholf Stolt-Nielsen påpeiker at det er viktig at bedrifter ønsker å ha hovudkontor på Sunnmøre. Det gir regionen meir tyngde, samtidig som den blir meir attraktiv. 

– Bergen har klart å bygge eit større miljø dei siste åra, og det er personar som like gjerne kunne jobba her oppe, legg Leif Birger Midtgård til. 

Nybygg oversikt Ocean Supreme Norwegian Seafood Company illustrasjon Margarida Pais Arkitektur
FORNYING: Området i Nørvevika står framfor ei fornying og det er mellom anna planar om gang- og sykkelveg. Til høgre i bilde er innfartsvegen. Nokre hundre meter austover ligg Campus Ålesund og Norsk Maritimt Kompetansesenter. Illustrasjon: Margarida Pais Arkitektur

Næringa vil ha stort behov for å rekruttere fleire dei neste åra. Samtidig opplever dei at bransjen har hatt vanskeleg for å bli populære hos dei unge som skal inn i arbeidslivet. 

Satsinga i Nørvevika, nokre steinkast frå Campus Ålesund og Norsk Maritimt Kompetansesenter, håpar dei skal vere eit steg i rett retning. 

– Vi ser at vi treng å rekruttere ungdom inn i bransjen, og at det er i ferd med å bli ein forgubbing. Og om vi skal fornye oss, så er vi nøydt til å ha attraktive arbeidsplassar, seier Leif Birger Midtgård.

Publisert: 15.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.11.2024 00:03

Mer om