NTB 3nk Nw Tj F ag
UKRAINSK MATPRODUKSJON I FARE: Matvareprisane kan stige med 4–5 prosent på grunn av krigen i Ukraina. Landet er blant verdas største produsentar av korn, men norske brød og kornprodukt består i hovudsak av norsk korn, ifølgje Felleskjøpet. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Prishopp på mat

Rapport: Matvareprisane kan stige med 5 prosent.

05.04.2022

NPK-NTB: Det tekniske berekningsutvalet (TBU) ventar at prisveksten på matvarer blir om lag 3 prosentpoeng høgare enn berekninga frå utvalet i februar.

Måndag offentleggjorde TBU dei endelege berekningane for lønns- og prisvekst i 2022, og matvareprisen vil bidra til aukande inflasjon, skriv E24.

TBU peikar på at internasjonale kveiteprisar i slutten av februar og starten av mars har skote i vêret frå eit allereie høgt nivå på grunn av krigen i Ukraina.

Krigen er årsaka
– På usikkert grunnlag er det anslått at norske matvareprisar, slik dei blir målte i konsumprisindeksen, vil stige mellom 4 og 5 prosent i 2022. skriv TBU i rapporten. Det er om lag 3 prosentpoeng høgare enn det som låg til grunn for prisanslaget i den førebelse rapporten dei la fram i februar.

Utvalet påpeikar samtidig at Noreg blir påverka mindre av høge matvareprisar internasjonalt enn mange andre land i Europa. Årsaka er den norske landbrukspolitikken, som mellom anna skjermar matvareprisar frå internasjonale prissvingingar.

Det blir likevel understreka i rapporten at uvissa for 2022 er ekstraordinær og spesielt knytt til krigen i Ukraina, sanksjonane mot Russland og følgjene av desse.

Publisert: 05.04.2022 07:57

Sist oppdatert: 05.04.2022 07:57