Reverserte tapsavsetningar
Tapa Romsdalsbanken frykta i 2020 blei det ikkje noko av.
Sparebanken Romsdalsbanken reverserte i fjor mykje av tapsavsetningane banken gjorde i det første koronaåret, 2020.
Saman med vekst i inntektene er det årsaka til betringa i resultatet til banken i fjor (sjå tabell)
Slo seg saman
Romsdalsbanken er resultatet av at Bud, Fræna og Hustad Sparebank slo seg saman med Nesset Sparebank i 2018 og har hovudkontor i Elnesvågen (biletet).
I fjor auka utlåna frå banken med 3,1 prosent, i all hovudsak frå privatkundemarknaden, seier Romsdalsbanken.sjef Odd Kjetil Sørgaard.
Knappe 70 prosent av utlåna er til privatkundar.
Opp på børsen
Banken er omlag 30 prosent eigd av eigenkapitalbeviseigarar, eit aksjeliknanande verdipapir.
I februar/mars 2020 henta banken 78,8 millionar kroner i ny eigenkapital frå eigenkapitalbeviseigarane. Etter kapitalutviding er selskapet Oskar Sylte Invest største eigar med 5,37 prosent av andel av det eigenkapitalbeviseigarane eig av banken.
Eigenkaptialbevisa vart børsnotert i april 2020. Då var kursen 110 kroner per eigenkapitalbevis, no er den 141 kroner, som verdset verdien av eigenkapitalbeviseigarane sin andel av banken til 269 millionar kroner.
Romsdalsbanken | ||
4. kvartal. i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Inntekter | ||
Resultat før tap | ||
Resultat før skatt | ||
Romsdalsbanken | ||
Pr. 4.kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Inntekter | 164,2 | 148,7 |
Resultat før tap | 71,6 | 51,4 |
Resultat før skatt | 67,5 | 37,2 |
Publisert: 24.02.2022 14:17
Sist oppdatert: 24.02.2022 14:17