NTB u7xw F Nq1 Dt4 IKKJE BRUK
NYE SIGNAL OM VASSKRAFT: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under Stortingets spørjetime onsdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Støre open for å bygge ut verna vassdrag

Elleve miljøorganisasjonar ber statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) hindre utbygging i verna vassdrag. Men Støre ser ikkje bort frå at noko utbygging kan skje.

13.01.2022

NPK-NTB-Marie De Rosa og Johan Falnes: Elleve miljø- og friluftslivsorganisasjonar har gått saman om eit opprop der dei ber Støre hindre utbygging av vasskraft i verna vassdrag.

– Å oppheve vern av natur så snart det oppstår ein krevjande situasjon, er ein farleg veg. Vi ber deg sikre dei verna vassdraga våre, heiter det i oppropet, som mellom anna er signert Naturvernforbundet, Greenpeace Norge, WWF Norge, Natur og Ungdom og Framtiden i våre hender.

Organisasjonane krev at statsminister Jonas Gahr Støre gir ei uvilkårleg stadfesting på at verna vassdrag har eit reelt vern og at dei ikkje blir ein del av mandatet til den kommande energikommisjonen.

Diskusjonane går i Ap og Høgre
Framstegspartiet fremja denne veka eit forslag for Stortinget om å byggje ut ny vasskraft der det er miljømessig forsvarleg – òg i verna vassdrag.

Tidlegare har Senterpartiet og Framstegspartiet som einaste parti stemt for eit forslag om å auke kraftproduksjonen ved å opne verna vassdrag for utbygging. No går diskusjonen både i Høgre og Arbeidarpartiet.

Terje Aasland (Ap), leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, sa i nyttårshelga at det ikkje er tvil om at Noreg treng meir straum.

– I samband med energikommisjonen vil det vere naturleg å diskutere korleis vi kan få meir ut av eksisterande vasskraft, men også sjå om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna, sa han.

Opnar for å sjå på utbygging
I spontanspørjetimen på Stortinget onsdag sa Støre at verning av vassdrag og vern av naturverdiane i Noreg er noko han held høgt.

– Så er det peikt på at det finst ny teknologi som gjer det mogleg å hente nokre ressursar utan at det går ut over desse naturverdiane, og det er peika på moglegheita som ligg knytte til det med regulering av vatn, flaumfare og så vidare. Det er vi heilt opne for å sjå på og gjere det på ein grundig måte, sa han.

Uttalen kom som svar på eit spørsmål frå Høgres energi- og miljøpolitiske talsperson Nikolai Astrup. Han ville vite om statsministeren var samd i at det er mogleg å utnytte delar av vatnet i verna vassdrag til kraftproduksjon utan at dette går på kostnad av verneverdiane, særleg viss vassdraga er flaumutsette.

– Det er jo ikkje snakk om å leggje fossefall i røyr, sa han.

– Det er snakk om å utnytte delar av vasspotensialet som ligg der.

Astrup argumenterte vidare for at auka nedbør på grunn av klimaendringane taler for å utnytte noko av vatnet i desse vassdraga til kraft for å forhindre at dei fløymer over.

Venstre: – Utruleg
Venstres Ola Elvestuen reagerer sterkt på signala frå Støre.

– Det er utruleg å høyre Støre på den eine sida seie at han held naturverdiar høgt, men i neste setning vere heilt open for å sjå på utbygging av verna vassdrag, seier Elvestuen og held fram:

– Eg trur stortingsfleirtalet har gløymt definisjonen av varig vern. Den største trusselen til det norske naturmangfaldet er denne regjeringa, seier han.

Til saman er 389 vassdrag i Noreg anten heilt eller delvis verna mot utbygging.

Publisert: 13.01.2022 15:19

Sist oppdatert: 13.01.2022 15:19