Nordfjord Kjøtt
MINDRE SVENSKEHANDEL: At folk ikkje kunne reise til Sverige for å handle gjorde at Nordfjord Kjøtt-selskapa auka talet på tilsette frå 299 årsverk i 2019 til 331 årsverk i 2020. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår for Nordfjord Kjøtt-selskapa

Når folk ikkje kunne dra til utlandet i fjor, kjøpte dei meir frå Legula-konsernet i Loen.

16.09.2021

Driftsinntektene til Legula-konsernet steig 17 prosent i fjor, til 2,5 milliardar kroner, og 2020 blei eitt av dei mest lønsame konsernet Legula har hatt.

Lønsemda auka mellom anna på grunn av at auka etterspørsel gav betre utnytting av produksjonsanlegga.

Legula-konsernet i Loen i Stryn omfattar tre kjøttforedlingsbedrifter; Nordfjord Kjøtt, Nordfjord Kjøtt Slakt og Loen Kjøtt (og 50 prosent i eit mindre eigedomselskap).

Nordfjord Kjøtt er det største selskapet i konsernet.

Stoppa grensehandel
Då koronapandemien kom i mars i fjor, vart strenge restriksjonar på reiser inn og ut av landet, eitt av smitteverntiltaka.

Det gjorde at austlendingar som ellers tek turen over grensa til Sverige for å handle kjøt, handla meir i butikkane på norsk side av grensa. Det fekk også Nordfjord Kjøtt - som er hovudleverandør av foredla kjøttprodukt til Rema 1000 - nyte godt av.

Den positive koronaeffekten for Nordfjord Kjøtt held seg også i år, ifølgje årsmeldinga til Nordfjord Kjøtt.

Familieeigd
Legula-konsernet er eigd av Geir Egil Roksvåg og barna Malin og Tom Roksvåg gjennom selskapet Gemto. Malin og Tom Roksvåg eig 49 prosent kvar av selskapet.

Den formelle makta ligg hos Geir Egil Roksvåg, fordi det er han som sit med A-aksjane, som har stemmerett på generalforsamlinga.

Etterspørselsauken i fjor gjorde og at selskapa i Legula-konsernet auka talet på tilsette, frå 299 årsverk i 2019 til 331 årsverk i 2020 - ei auke på kring ti prosent.

Legula as (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt2573,12199,3
Driftsresultat200,296,3
Resultat før skatt172,987,0
Nordfjord Kjøtt as
Tal i mil. kroner20202019
Driftsinntekt2535,12095,7
Driftsresultat126,123,2
Resultat før skatt100,511,7

Publisert: 16.09.2021 06:00

Sist oppdatert: 04.10.2021 08:38

Mer om