Fiskeutstyrsselskapet MMC First Process har vakse kraftig dei siste åra, og meir enn dobla omsetninga sidan 2015. Denne veka lanserte dei eit nytt pumpesystem som dei har utvikla over fleire år, og som dei trur vil bidra til auka vekst.
Administrerande direktør Petter Leon Fauske meiner dei har funne oppskrifta på korleis dei skal takle veksten og tene pengar over tid i ein bransje som har vore prega av låge og svingande marginar.
Han vil ikkje opplyse konkrete tall for 2020 enno, men erkjenner at pilane for omsetning vil peike nedover samanlikna med rekordåret i fjor. Lønsemda vil likevel vere bra.
- I år har vi nedgang i omsetninga som delvis skuldast Covid-19. Trenden er likevel at det framleis er ok med pengar å tene, fortel Fauske til NETT NO.
«Veldig lovande» ordrereserve
Trass utfordringane med koronapandemien, påpeiker Fauske at dei ikkje har noko å klage over.
- Eg blir audmjuk når eg er i kontakt med kundar rundt i verda og får høyre kva for utfordringar dei står oppe i. Då kjenst det veldig godt å drive verksemd i Norge, seier han.
Og neste år reknar han uansett med at dei skal vere tilbake på vekstsporet.
- Vi ser at det begynner å losne, og ordrereserven for neste år og året etter ser veldig lovande ut, legg Fauske til.
- Lag med ulik spisskompetanse
MMC First Process-sjefen meiner selskapet er godt budde til å ta fatt på det han omtalar som «neste steg». Noko av nøkkelen meiner han er å gjere verksemda fleksibel og skalerbar. Slik unngår ein å måtte bemanne opp, eller ned om det kjem brå opp, eller nedturar.
Selskapet er eit resultat av samanslåinga mellom MMC og First Process i 2017. I åra etterpå har dei jobba mykje med å finne partnarar som har gjort dei i stand til å takle veksten – og svingingar i ein prosjektbasert marknad.
- Vi har sett saman eit godt lag med ulik spisskompetanse. Vi har partnarar både lokalt, andre stader i Norge og til dømes i dei baltiske landa, fortel Fauske.
Nettverk av partnarar
Til saman dreier det seg om eitt nettverk med drygt 10 selskap. På Nordvestlandet samarbeider dei mellom anna med JT Mekaniske på Sjøholt og Volf på Håhjem, til Havyard-selskapet Norwegian Greentech.
- Vi ser på oss sjølv som eit regionalt selskap, og vil gjerne bidra til å gjere regionen sterkare.
MMC First Process har no avdelingar på Digernes, Mjølstadneset i Herøy og i Haugesund, som er delt i ulike fagområde. På Digernes jobbar dei med prosess- og kuldearbeid, og i Herøy driv dei med sokalla «handling», ulike system for å handtere levande fisk.
Klare for å tilsette fleire
Selskapet har vekse også i talet på tilsette. Ved utgangen av fjoråret var dei 160 tilsette, og no er dei oppe i kring 170 personar.
Med ei solid ordrebok reknar Fauske med at det blir betydelig fleire tilsettingar framover.
- Med den porteføljen vi har i dag, søker vi allereie etter folk. Vi skal også tilsette mange fleire neste år, både på Digernes og Mjølstadneset, seier Fauske.
Les også: Meiner nyskaping er «game changer»
Ny supervekst for MMC First Process
Fortalde korleis Odin berga yrkeslinje
No kjem også ingeniør-arbeidsplassar til Digernes
– Dette er kritisk kompetanse for fisken vi skal eksportere
Eg blir audmjuk når eg er i kontakt med kundar rundt i verda og får høyre kva for utfordringar dei står oppe i. Då kjenst det veldig godt å drive verksemd i Norge
Publisert: 10.12.2020 05:55
Sist oppdatert: 02.06.2021 23:12