Klare til aa flytte inn i Solstad lokala
FLYTTING: I oktober 2016 måtte Fredrik Remøy og resten av dei Rem-tilsette flytte ut av lokala i Fosnavåg etter at Solstad overtok selskapet. I haust kan Remøy flytte tilbake, saman med 15 tilsette i nye Rem Offshore.
Nytt

Klare til å flytte inn i Solstad-lokala

- Det er nok enkelte som vil ha sterkare kjensler til dette enn andre, seier Rem Offshore-direktør Fredrik Remøy.

04.04.2019
Rem Offshore er klare til å flytte inn i kontora som Solstad Offshore har hatt i Fosnavåg sentrum sidan oktober 2016.
Det stadfestar Rem-direktør Fredrik Remøy.
- Ja, vi er klare til å flytte inn når dei Solstad-tilsette flyttar ut.

Flytting i fjerde kvartal

Solstad Offshore-direktør Lars Peder Solstad stadfesta overfor NETT NO torsdag at Fosnavåg-kontoret skal leggjast ned, og at alle dei 25 tilsette på Sunnmøre skal samlast i dei tidlegare Farstad Shipping-lokala i Ålesund.

Truleg vil nedlegginga skje i oktober-november, og alle tilsette ved Fosnavåg-kontoret vil få tilbod om å vere med over til Ålesund.
Dette skjer tre år etter at Solstad overtok gamle Rem Offshore, og vann kampen om selskapet mot tidlegare Rem-direktør Åge Remøy.
I ettertid har Åge Remøy, saman med kompanjongane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth, bygd opp eit nytt offshoreselskap.

Spesiell dag

No er det Åge Remøy sin son Fredrik Remøy som styrer skuta.
Han seier at det nok vert ein spesiell dag når ein på nytt flyttar inn i lokala ein flytta ut av hausten 2016.
- Ja, i alle for enkelte.
Nye Rem Offshore har i dag femten tilsette. Ti av desse jobba i gamle Rem, og var med på flyttinga ut av dei tidlegare lokala.
No har selskapet base i Havila-bygget Diamanten på Mjølstaneset. Her har Havila bruk for meir kontorplass etter satsinga på Havila Kystruten.

Vil vekse

Fosnavåg-bygget er eigd av selskapet Rem Maritime Eiendom, der Åge Remøy eig 52 prosent, og resten er likt fordelt mellom dei fire borna.
Solstad har leigeavtale ut året.
Fredrik Remøy kan ikkje love jobbar til dei som i dag arbeider i Solstad, og som ikkje vil flytte over til Ålesund.
- Nei, vi har ingen planar om å auke antal tilsette no.
- Men vi har planar om å vekse vidare, og ser på fleire mulege kjøp. Om dette vert noko av, kan det vere aktuelt med nytilsetjingar.

Betre tider

Han seier at offshoremarknaden er i betring.
- Det ser langt lysare ut i dag enn det gjorde for eitt år sidan.
- Vi er i alle fall optimistiske.

Publisert: 04.04.2019 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33