Klare til aa kjempe om 50 000 oppdrag
SPENNING: Håvard og Børge Gjelseth følgjer spent med på dei siste oppdateringane om IMO-konvensjonen for reinsing av ballastvatn. Dei trur konvensjonen vert gjeldande om få dagar, og er klare til stor vekst.
Nytt

Klare til å kjempe om 50.000 oppdrag

Dei ventar med å sprette champagnen, men er klare for kraftig vekst.

28.11.2015
- Det ser veldig lovande ut, men no vil vi ha alt 100 prosent klart før vi leitar fram champagnen, seier brørne Håvard og Børge Gjelseth i Herøy-selskapet MMC Green Technology.
Håvard er adm. dir, medan Børge er sals- og marknadssjef.
Selskapet produserer reinsesystem som drep organismer i ballastvatnet til skip. Sidan oppstarten i 2010 har ein venta på at IMO sin ballastvatnkonvensjon skal tre i kraft. Då vert det eit krav om at alle skip over ein viss størrelse skal installere reinsesystem.

- Dette er enormt

Målet med konvensjonen er å forhindre at marine organismar spreier seg og gjer skade rundt om i verda via ballastvatnet i båtar.
- Vi snakkar om rundt 50.000 skip. I tillegg kjem alle nybygg. Dette er enormt, seier dei.
For at ballastkonvensjonen skal gjelde, må minst 30 land som representerer minst 35 prosent av verdas tonnasje ha ratifisert avtalen.
- Det er mange som sit no og finreknar på tala, seier Børge Gjelseth.
Denne veka har fleire medier meldt om at grensa er nådd, og at alle skip etter 24. november 2016 må ha installert reinsesystem for ballastvatn.

Planlegg for tidobling

Dette skjedde etter at mellom anna Indonesia sa ja.
- Alt tyder no på at konvensjonen vil verte ratifisert før nyttår. Vi er i alle fall klare, seier Håvard og Børge Gjelseth.
Klare betyr at selskapet ser for seg ei tidobling av produksjonen på kort sikt.
- Ja, det er målet. Vi treng då å tilsetje fleire prosjekt- og serviceingeniørar, samt salsfolk.
- I dagens arbeidsmarknad reknar vi med at det skal gå greit.

Fryktar ikkje konkurransen

Herøy-selskapet har rundt 50 konkurrentar internasjonalt, og tre-fire i Norge.
Dei fryktar ikkje konkurransen.
- Nei, når IMO-konvensjonen vert ratifisert, så vil det vere nok å gjere for dei fleste. I tillegg meiner vi at vi har eit produkt som uansett vil selje godt.
Hittil har MMC Green Technology inngått 80 kontraktar på levering av reinseanlegg på ballastvatn. 60 av desse er allereie installerte.
- For neste år ser det også bra ut. Vi har aldri hatt ei så god ordrebok på denne tid av året, seier Håvard Gjelseth.

Meir til brønnbåt og vind

Han seier at ein tidleg på året merka nedgangen innanfor offshore.
- Men vi har tatt dette igjen med auka sal til brønnbåtar, vindmølleskip og handelsskip.
Herøy-selsakpet brukar filter og UV-teknologi til å drepe organismane i ballstvatnet, og samarbeider med det som vert rekna som den fremste ekspertisen i Europa på området.
- Vi har svært gode tilbakemeldingar på våre kompakte, men effektive løysingar.
Produsentane har fått ei ekstra utfordring etter at US Coast Guard i påvente av ratfisering av IMO-konvensjonen tok eigne grep og laga sine eigne reglar med krav om 'instant kill' - øyeblikeleg drap av alle organismar.
Dette er strengare reglar enn det IMO-konvensjonen legg opp til, der krava er at organismer ikkje skal kunne reprodusere.

Testar for US-godkjenning

Teknisk direktør Terje Gjelseth i Herøy-selskapet seier at det beste er om at desse to regelsetta vert samkøyrde, men at ein likevel førebur seg mot eit parallelt løp.
- Vi er i ferd med å køyre testar for også å kunne innfri krava frå US Coast Guard. Mellom anna kan det vere ei løysing å redusere gjennomstrøymingsfarta, og dermed oppnå endå større effekt enn det vi har i dag.
- Testresultata for våre system er svært oppløftande, seier han.
Vi treng då å tilsetje fleire prosjekt- og serviceingeniørar, samt salsfolk

Publisert: 28.11.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50