Havila Capella Tromsø Per Sævik Bent Martini Arne Johan Dale foto kjetil 11
JOMFRUTUR: Kystruten-sjef Bent Martini (t.v.) og eigar Per Sævik ved ankomst til Tromsø under jomfruturen til Havila Capella i fjor. No kan skipet snart segle att. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klarsignal for Havila Kystruten-skip

Alle papir er på plass. Havila Capella seglar truleg i løpet av få dagar.

23.06.2022

Etter at Havila Kystruten fekk ta arrest i Havila Capella har Sjøfartsdirektoratet utferdiga gyldig sertifikat til skipet.

Havila Capella har ligge til kai i Bergen sidan 12. april i år, på grunn av sanksjonane mot Russland.

No siktar Havila Kystruten mot at Havila Capella skal starte rundturen Bergen - Kirkenes 28. juni.

Les børsmelding her

Russisk finansiering
Havila Capella er finansiert av eit datterselskap av det statlege russiske finansieringsselskapet GTLK.

GTLK-selskapet eig skipet , og leiger det ut til Havila Kystruten gjennom ein leasingavtale.

Sanksjonen mot Russland råka også Havila Capella, som ikkje kunne få forsikring på grunn av sanksjonane. Dermed kunne det heller ikkje segle, og vart lagt til kai i Bergen 12. april i år.

No har Sjøfartdirektoratet utstedt gyldige sertifikat til Havila Capella, basert på gyldig ansvarsforsikring frå Assuranceforeningen Skuld, skriv Havila Kystruten i ei børsmelding.

Vann rettsak
Bakgrunnen for at Havila Capella kan settast i trafikk igjen er ein kjennelse som Hordaland Tingrett kom med mandag 20. juni.

Den avgjerda bana veg for at skipet kunne få forsikring og settast i drift igjen.

Kjennelsen gir Havila Kystruten rett til å ta arrest i skipet. Kystruten fekk vidare ei periode på to år rett til tvangsbruk av skipet, for å oppfylle avtalen med Samferdselsdepartementet.

Med klarsignal frå Sjøfartsdirektoratet har Havila Kystruten no to skip i trafikk på gods- og passasjerruta Bergen - Kirkenes. Dei to siste av fire skip er framleis under bygging i Tyrkia.

Publisert: 23.06.2022 14:11

Sist oppdatert: 23.06.2022 14:31

Mer om