Børsdagen: Kystruten fekk medhald i retten
Reiarlaget får ta arrest i «sitt eige» skip. Lakseoppdrett var dagens børsvinnar.
Dagens vinnar av selskapa med adresse i regionen, var Atlantic Sapphire. Kursen for lakseoppdrettarane med verksemda i USA, har svinga mykje. Måndag gjekk den opp med 17,01 prosent til 22,36 kroner.
Den mest interessante børsmeldinga måndag sett med briller frå Nordvestlandet, var nok den Havila Kystruten sendte ut få minutt før stengetid.
Reiarlaget har fått medhald i Hordland tingrett i ei avgjerd måndag, som gir selskapet arrest i skipet. Kystruten får vidare ei periode på to år rett til tvangsbruk av skipet, for å oppfylle avtalen med Samferdselsdepartementet.
Kursen for reiarlaget på Oslo børs enda såvidt opp med 0,26 prosent, til 19 kroner aksjen.
Framleis fast i Bergen
I børsmeldinga opplyser selskapet at de følger opp avgjerda, med tanke på å få skipet forsikra, slik at fartøyet igjen kan settast i drift.
Det russiskeigde selskapet som reiarlaget leaser båten frå, er råka av sanskjonar i samband med invasjonen i Ukraina. Difor er Havila Capella vore i opplag i Bergen sidan april.
Reiarlaget opplyser i ei pressemelding måndag at dei kjem tilbake med informasjon om eventuell seglingsstart for skipet.
Offshore-reiarlag blei tapar
Eit anna Sævik-selskap Havila Shipping, blei dagens tapar i nordvest, trass i rekordrater i offshore om dagen. Aksjekursen enda ned 8,00 prosent til 16,80 kroner.
Et fat nordsjøolje lå rundt børsslutt på 112,5 dollar fatet - en markert nedgang fra før helga.
Hovedindeksen på Oslo børs endte med solid oppgang på 1,54 prosent til 1.214,53.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 22,36 | 17,01 % |
Hofseth Biocare | 3,89 | 3,73 % |
Hav Group | 14,5 | 3,57 % |
Salmon Evolution | 8,25 | 3,38 % |
Hexagon Purus | 28,24 | 2,02 % |
Arctic Bioscience | 15 | 0,66 % |
Hexagon Composites | 28,5 | 0,49 % |
Havila Kystruten | 19 | 0,26 % |
Statt Torsk | 2,32 | -0,85 % |
Havyard Group | 3,91 | -1,51 % |
Endúr | 24,45 | -2,20 % |
Sparebanken Møre | 75,5 | -3,17 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,21 | -5,15 % |
Nortel | 17 | -5,56 % |
Norva24 Group * | 33,205 | -6,46 % |
Havila Shipping | 16,8 | -8,00 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 20.06.2022 16:37
Sist oppdatert: 20.06.2022 17:57