00575
VINTERFERJE: Bilferje "Aukra" med plass til 35 personbilar skal gå i rute Hellesylt-Geiranger frå 1. januar 2022 og fram til turistferja startar i april. Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune
Nytt

Klarsignal for heilårsferje

Fylkestinget med godkjentstempel for heilårsferje Hellesylt - Geiranger.

08.12.2021

Frå 1. januar 2022 blir det ferje året rundt mellom Geiranger og Hellesylt.

Fylkestinget har godkjent ferjeavtalen i samband med økonomiplanen for 2022.

- Vi håpar og trur at eit slikt heilårstilbod skal bidra til at besøkande ser på Geiranger som eit tilgjengeleg reisemål også vinterstid. Vi veit at det er eit fantastisk område som kan gi unike opplevingar vinterstid – kanskje vel så sterke som den sommarlege trengselen ein kan oppleve elles, seier Nils-Andreas Ramsli, prosjektleiar for Omstilling Geirangerfjorden verdsarvområde og omland i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Erstattar beredskapsferje
I dag ligg ei ferje i beredskap for å trafikkere Geiranger-Hellesylt om vegen mellom Geiranger og Eidsdal blir stengt om vinteren.

Om sommaren er fjorden trafikkert av Fjord 1, som driv ruta utan offentleg støtte.

Fylkesutvalet vedtok i september å endre avtalen med Fjord1 slik at det si staden blir gitt støtte til eit fast samband på Geirangerfjorden også om vinteren.

No har fylkestinget sikra finansieringa.

To avgangar om dagen
Bilferja «Aukra» med plass til 35 personbileiningar, skal trafikkere strekninga i vinter og fram til turistferja tar over i april. «Aukra» skal ha to faste turar dagleg mellom Hellesylt og Geiranger; morgon og ettermiddag. I tillegg vil ho på signal gå ein tur midt på dagen, heiter det i pressemeldinga.

Fylkeskommunedirektøren vurderer det ekstrakostnaden med å etablere drive eit slikt vintersamband vil vere mellom tre og fire millionar kroner.

Publisert: 08.12.2021 11:26

Sist oppdatert: 08.12.2021 11:32