Kleven konkurs
INFORMERTE DEI TILSETTE: Tomislav Debeljak  etter allmøte med dei tilsette på Kleven fredag. 
Nytt

Kleven konkurs

Div Group-eigar Tomislav Debeljak vil framleis kjempe for verftet. 

Marius Rosbach
03.07.2020

Det kom fram under eit allmøte for dei tilsette fredag føremiddag. Kring 430 tilsette verftsarbeidarar er råka - dei aller fleste er tilsett i Kleven Verft og Kleven Maritim Contracting.

Kort tid etter allmøte stadfesta Kleven-eigar Tomislav Debeljak i ei pressemelding at dei ville melde oppbod for Kleven Verft og dei to dotterselskapa.

Førebels går arbeidet på verftet som normalt, og dei tilsette er bedt om å gå på jobb som vanleg inntil dei får vite noko anna.

Siste: Går til sak mot bankane

Vil tilbake som Kleven-eigar
I møte med pressa ved verftet ga han uttrykk for at Div Group framleis villle kjempe for verftet. Det blir no eit spørsmål som blir opp til bustyrar å avgjere.

Samtidig meiner Debeljak at Div Group er urettvist behandla, i første rekke av Sparebank 1 SMN, og seier han «absolutt» vil gå til rettslege skritt.

- Ikkje alle konkursar er negative. Nokre gonger kan det vere ein ny start, sa han og ga uttrykk for at det på eit vis hadde falt en stein frå hjartet hans.

Gjelda og samla forpliktingar i Kleven er ifølge Debeljak drygt 30 millionar euro. Med andre ord, må ein eventuell ny eigar legge eit tilsvarande beløp på bordet - eller få med bankane på ei anna løysing.

Debeljak sjølv anslår at han har tapt kring 10 millionar euro på Kleven-eventyret.

Peiker på offshoreavtale - og korona
Kroaten har peika på prosjektet på offshoreskipet dei tok over frå Havyard, som spesielt problematisk for verftet.

- Dette prosjektet var ei «heit potet» frå Havyard si side og så tok den tidlegare leiinga prosjektet til verftet, og til sist tok det livet av Kleven, seier Debeljak til NETT NO.

Han understrekar at det er handteringa av arbeidet som har vore problemet, men at det undervegs har vore utøva press frå fleire aktørar som er involvert.

Den kroatisk forretningsmannen gir også uttrykk for at koronautbrotet også hadde hatt mykje å seie for situasjonen som har oppstått. Det gjeld både den generelle økonomiske situasjonen, og moglegheitene for kroatane til å halde kontakt og kontroll med kva som gjekk føre seg på Kleven-verftet.

Fastlåst situasjon
Kleven-eigar Debeljak har heile tida gitt uttrykk for at han vil kjempe for å halde verftet flytande, men at konkurs også var eit alternativ dei må vurdere. Den opphavelege fristen var sett til onsdag, men Debeljak opna for at det kunne gå nokre dagar ekstra, då han møtte pressa tysdag.

Situasjonen for verftet har vore fastlåst etter at fleire långjevarar terminerte sine avtalar, og kontoane til Kleven Verft og dotterselskapa blei frosne.

Det er også fleire partar rundt bordet i forhandlingane om Kleven. I si melding til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar førre fredag, opplyste Div Group-sjefen at tre långivarar hadde terminert sine avtalar med verftet.

Nordea og Innovasjon Norge med størst pant
NETT NO har tidlegare omtala at det skal vere to misleghalde lån som er den direkte årsaka til at Kleven-eigaren og bankane rauk uklare.

Det eine lånet er knytt til finansieringa av det omtala offshoreskipet. Det andre gjeld langtidsfinansiering av verftet. Her sitt Innovasjon Norge og Nordea i ei nøkkelrolle om verftet går konkurs, med pant i alt frå driftstilbehøyr og eigedom ved Kleven. Som pantesikra kreditorar står dei først i løypa for å få innfridd sine krav ved ein eventuell konkurs.

NETT NO kjenner også til andre aktørar jobbar for å få inn nye eigarar i verftet.

Ingen av dei andre bankane, Innovasjon Norge eller GIEK har så langt ønska å kommentere saka til NETT NO.

Alt om Kleven-dramaet:

Drygt 200 tilsette har ikkje fått løn og feriepengar

Skipet Kleven-eigaren omtalar som ei «heit potet»

Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven: – Merkar at dei er prega

– Problemet er alle «blekksprutarmane» vi må kutte, der det lekk pengar

– Vi må beskytte våre tilsette og selskapet

Ordførar ser ikkje korleis Debeljak kan rette opp tilliten

Klubbleiar: - Forsøker formidle at det er håp

Kleven-eigaren på veg til verftet

– Kleven fortener betre eigarar

Kleven-eier avviser påstander om trakassering

Nordea og Innovasjon Norge i nøkkelrolle

Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Jobbar med å finne nye eigarar til Kleven

Tillitsvalt: Kollegaer ringer og spør om dei må finne seg anna jobb

DIV Group slår tilbake mot bankane

Verftsdirektøren: – Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen

Ny Kleven-eigar slo seg opp på skruar

Kleven direkte råka av koronakrisa


Publisert: 03.07.2020 10:15

Sist oppdatert: 16.11.2023 22:39