Historia om sikringa er ei av fleire forfattar Torill Myren har samla i boka "Bit for bit, båt for båt", ei historie om Klevenkonsernet, som kjem ut samstundes som dotterselskapet Myklebust Verft er 100 år.
Slike historier er viktig, meiner Myren.
- Det har med humor og samhald å gjere, og så fortel det om løysningsorienterte medarbeidarar, seier ho.
Det handlar om kallenamnet "Tåkeheimen" om administrasjonbygget og "Kongssætra" der formennene heldt hus, til historia om den heimelaga sikringa som vart laga i ei tid med eit litt anna syn på HMS (helse-, miljø- og sikkerheit) enn i dag, og løyste eit problem sikringar som stadig gjekk under sveising.
- Dei set ein standard, seier Myren.
- Det er for å markere 100 årsjubileet. Det er ei gåve til alle tilsette, til skular og institusjonar i lokamiljøet vår, seir kommunikasjonsjef Ellen Kvalsund i Kleven.
Målet var å gi eit bilete av dagens konsern, i eit såkalla coffetable-format, ei bok med mange små historier, som kan takast fram og bladast i mange gangar.
- Vi ønskt det skulle vere ei bok som kunne leve, seier Kvalsund.
- Det har vore eit veldig godt samarbeid, seier Myren.
Boka skal og trykkast i ei engelsk utgåve, og ein del av artiklane i boka blir og gitt ut på polsk og rumensk.
Slike historier er viktig, meiner Myren.
- Det har med humor og samhald å gjere, og så fortel det om løysningsorienterte medarbeidarar, seier ho.
Set standard
Myren har henta fram ein del av dei gamle vandrehistoriene i eit eige avsnitt om humoren og historiene som en ein del av limet i bedriftene.Det handlar om kallenamnet "Tåkeheimen" om administrasjonbygget og "Kongssætra" der formennene heldt hus, til historia om den heimelaga sikringa som vart laga i ei tid med eit litt anna syn på HMS (helse-, miljø- og sikkerheit) enn i dag, og løyste eit problem sikringar som stadig gjekk under sveising.
- Dei set ein standard, seier Myren.
Første bok
Både Kleven og Myklebust Verft (tidlegare Myklebust Mek. Verksted) har gitt ut jubileumsbøker før, men ikkje etter at selskap var samla i Kleven-konsernet i 2001. No kjem boka, i samband med at det er 100 år sidan verftet i Gursken i Sande vart etablert.- Det er for å markere 100 årsjubileet. Det er ei gåve til alle tilsette, til skular og institusjonar i lokamiljøet vår, seir kommunikasjonsjef Ellen Kvalsund i Kleven.
Målet var å gi eit bilete av dagens konsern, i eit såkalla coffetable-format, ei bok med mange små historier, som kan takast fram og bladast i mange gangar.
- Vi ønskt det skulle vere ei bok som kunne leve, seier Kvalsund.
Lagt vekt på form og foto
Myren har laga boka i samarbeid med fotograf Olav Thokle og formgjevar Therese Myrene Aurvåg. Boka er truykt i 2000 eksemplar, og blir delt ut når dei tilsette i heile konsernet samlast til markering og opa dokk på Myklebust Verft laurdag.- Det har vore eit veldig godt samarbeid, seier Myren.
Boka skal og trykkast i ei engelsk utgåve, og ein del av artiklane i boka blir og gitt ut på polsk og rumensk.
Publisert: 11.06.2015 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44