NPK: NVE har no laga ein ny rapport om korleis dette i framtida kan påverka produksjonen for vasskraftverk i heile landet.
Rapporten inneheld både informasjon om korleis tilsiget har endra seg frå 1960-talet og fram til i dag, og analysar om korleis ein reknar med at tilsiget kjem til å utvikla seg i framtida.
Ein av hovudkonklusjonane i rapporten er at tilsiget dei siste tiåra har auka raskare enn venta.
– Vi ser at tilsiget dei fleste stader har auka raskare enn det som var forventa i klimaframskrivingane som blei laga i 2015 og at dette har ført til meir vasskraftproduksjon dei siste åra, seier direktør for Energiavdelinga i NVE, Anne Vera Skrivarhaug, i ein kommentar på
NVE meiner det er vanskeleg å seia sikkert om auken kjem av vêrendringar eller klimaendringar, men slår fast at endringane har ein klar retning.
– Vintertilsiget vil auka i heile Noreg, særleg blir det store endringar på Vestlandet og i Trøndelag. I nokre område, som på Austlandet, vil det halda fram å koma mykje tilsig om våren slik vi er vande til, heiter det i ei oppsummering av rapporten.
Framtidsanalysane viser samtidig at tilsiget om vinteren kjem til å variera mykje meir enn i dag, noko som kan gjera det vanskeleg for vasskraftverka å planleggja.
Om sommaren reknar NVE med at bresmeltinga i kombinasjon med høgare temperaturar og auka fordamping vil føra til at det blir mindre tilsig i heile landet.
Rapporten inneheld både informasjon om korleis tilsiget har endra seg frå 1960-talet og fram til i dag, og analysar om korleis ein reknar med at tilsiget kjem til å utvikla seg i framtida.
Ein av hovudkonklusjonane i rapporten er at tilsiget dei siste tiåra har auka raskare enn venta.
– Vi ser at tilsiget dei fleste stader har auka raskare enn det som var forventa i klimaframskrivingane som blei laga i 2015 og at dette har ført til meir vasskraftproduksjon dei siste åra, seier direktør for Energiavdelinga i NVE, Anne Vera Skrivarhaug, i ein kommentar på
NVE meiner det er vanskeleg å seia sikkert om auken kjem av vêrendringar eller klimaendringar, men slår fast at endringane har ein klar retning.
Mest om vinteren
Rapporten viser at tilsiget har vore størst om vinteren, samtidig som snøsmeltingsflaumane har blitt mindre. Analysane viser at denne utviklinga vil halda fram, meiner NVE.– Vintertilsiget vil auka i heile Noreg, særleg blir det store endringar på Vestlandet og i Trøndelag. I nokre område, som på Austlandet, vil det halda fram å koma mykje tilsig om våren slik vi er vande til, heiter det i ei oppsummering av rapporten.
Framtidsanalysane viser samtidig at tilsiget om vinteren kjem til å variera mykje meir enn i dag, noko som kan gjera det vanskeleg for vasskraftverka å planleggja.
Isbreane har mykje å seia
I nokre område har tilsig frå isbreane mykje å seia. I slike område er det venta at tilsiget først vil auka mykje på grunn av auka bresmelting, men bli mindre etter kvart som isbreane minkar.Om sommaren reknar NVE med at bresmeltinga i kombinasjon med høgare temperaturar og auka fordamping vil føra til at det blir mindre tilsig i heile landet.
Vintertilsiget vil auka i heile Noreg, særleg blir det store endringar på Vestlandet og i Trøndelag
Publisert: 23.12.2019 11:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






