NTB l ZF5 GA4c M64
MED VILJE: – Det framstår som eit medvite politisk val, seier klima og miljøminister Espen Barth Eide om at Russland ikkje leverer meir gass til Europa. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Klimaminister skuldar på Russland

Russland som held tilbake gassvolum, er ei viktig årsak til den europeiske energikrisa, meiner klimaminister Espen Barth Eide (Ap).

24.01.2022

NPK-NTB: Russland leverer omtrent 40 prosent av EUs gassforbruk, men blir frå fleire hald skulda for å halde tilbake gassforsyningar til Europa. No kastar Espen Barth Eide seg på kritikken.

– Det framstår som eit medvite politisk val, seier Eide om at Russland ikkje leverer meir gass til Europa.

Klimaministeren deltok førre veke på eit uoffisielt ministermøte med EUs klima- og energiministrar i Amiens i Frankrike. Politisk og sosial uro forårsaka av rekordhøge straumprisar i Europa, og den spente situasjonen ved Ukrainas grenser ulma i bakgrunnen under møtet.

– Det var mykje snakk om Russland, fortel Eide til Klassekampen.

Brukar gassen politisk
Espen Barth Eide meiner Russland bruker gassen i eit geopolitisk spel, men understrekar at Russland ikkje har brote nokon offisielle inngåtte kontraktar om gassleveransar til andre land.

– Dei held det dei har avtalt. Det er viktig å seie. Men når det er kjempehøge prisar på gass, og du sit på masse gass, så ville alle oppegåande land tenkje at det er ei god tid til å selje. Det gjer ikkje Russland. Det framstår som eit medvite politisk val å halde tilbake volum og sånn sett bidra til dei høge energiprisane.

Publisert: 24.01.2022 07:44

Sist oppdatert: 24.01.2022 07:49