Klippfisk Portugal
TREKKPLASTER: Klippfisk er ei populær varegruppe i Portugal, og blir ofte brukt som trekkplaster i reklamer og tilbodskampanjer. Foto: Sjømatrådet
Nytt

Klippfiskindustrien auka lønsemda

Stive torskeprisar har ikkje fått kundane til å miste appetitten på bacalao. Sjå resultatoversikt for bransjen.

Grunde Grimstad
19.09.2025

Klippfiskindustrien leverte nok eit godt år i fjor og auka samla sett lønsemda, som det går fram av tabellen under.

– Vi ser er at klippfiskaktørane generelt klarer seg betre enn resten av kvitfiskindustrien når vi får periodar med høge prisar, seier Finn-Arne Egeness, sjefanalytikar for sjømat i Nordea.

Trass dei stadig krympande torskekvoter og stigande råstoffprisar, gjekk det også i fjor jamt over ikkje så verst for klippfiskindustrien.

Aukande pris og popularitet
Ifølge statistikken frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi) har kiloprisen på hovudkappa, sløyd torsk meir enn dobla seg sidan 2021. Det skuldast ikkje minst at torskekvotene krympa år for år, og no nærmar seg det lågaste nivået sidan 1991.

Frå i fjor til i år vart kvotene redusert med rundt 25 prosent, og fiskarane kan truleg vente seg ein tilsvarande reduksjon i 2026.  

– Det ligg an til ei fortsatt stram innkjøpskurve, seier Egeness. 

Finn Arne Egeness foto Ogne
KLARER SEG BETRE: Klippsfiskindustrien klarer seg betre enn resten av kvitfiskindustrien når det det er høg pris på fisken, seier Finn-Arne Egeness, sjefanalytikar for sjømat i Nordea. Foto: Ogne Øyehaug

Heldigvis ser det førebels ikkje ut til at klippfiskkundane let seg avskrekke. Ifølge statistikk frå Sparebank 1 omsette salt- og klippfiskindustrien for 6,98 milliardar kroner i fjor, opp frå 6,78 året før. 

Med unntak av corona-året 2020, har omsetninga for bransjen klatra jamt oppover sidan 2015.

I den perioden har  den samla omsetninga dobla seg, frå 3,5 milliardar kroner i 2015 til knapt sju milliardar i 2024.  Dei fleste åra har næringa hatt ein gjennomsnittleg driftsmargin på mellom fire og sju prosent.  

Stor betalingsvilje
– Når torskekvotene går ned går ein større andel av torsken til Portugal der betalingsviljen er høgare, seier Finn-Arne Egeness.

I Portugal er bacalao framleis høgtidsmat som blir konsumert til jul, påske og store feiringar. 

– Då er kundane gjerne mindre sensitive på prisen. I tillegg kan ein også erstatte norsk torsk med import av stillehavstorsk og nordatlantisk torsk, seier Egeness.

– Er det nokon kvalitetsforskjell på den?

– Eg har smakt begge, og eg var ikkje i stand til å kjenne forskjell, seier Egeness.

Ei anna trøyst er at når prisane stig kan det vere ein fordel at det går ei stund mellom innkjøp og ferdig produkt. Innan fisken er ferdig salta, modna, tørka og vraka så har kunden fått litt ekstra tid til å kome over sjokket, samt at prisnivået her gått ytterlegare opp.

Stor appetitt på sei
Egeness forklarar at klippfisk ei såpass viktig varegruppe for daglegvarehandelen i Portugal, at den ofte blir brukt som trekkplaster i reklame- og tilbodskampanjar.

Opptur for klippfisk
BETRA RESULTAT: Samanlikna med 2023 auka klippfiskbedriftene i NettNo si resultatoversikt lønsemda i fjor. Foto: Ogne Øyehaug

– Det bidreg også til at kunden ikkje alltid føler den fulle effekten av innkjøpsprisen, seier Egeness.

Til ei viss grad kan også klippfiskprodusentane erstatte torsken med andre fiskeslag, som sei og lange, men det er framleis torsken som er sjølve juvelen i varesortimentet.

– Kan slike fiskeslag erstatte torsken?

– Nei, men ein ting som har vore veldig spennande i år er at prisane på klippfisk av sei har vore rekordhøge. Det går mykje av den til marknadar som Brasil, Karibien og Vest-Afrika, seier Egeness.

Resultatoversikt klippfiskbransjen på Nordvestlandet:   
Tal i mill. Kroner     
  DriftsinntektRes. f. skatt
  2024202320242024
      
JANGAARD EXPORT (konsern)Ålesund2847,22210,616,0-15,3
GUSTAV STOKKE (konsern)Ålesund883,4875,279,749,1
FJORDLAKS (konsern)Ålesund874,71748,227,924,4
KARSTEN FLEMÅlesund282246,823,712,0
MATHIAS BJØRGEÅlesund250,1294,42,66,0
GRYTESTRANDA FISKEINDUSTRIÅlesund237,6239,84,01,0
JACOB BJØRGEÅlesund227,5305,916,921,2
BRØDR REMØSula177,4142,615,17,4
SIGURD FOLLANDAverøy153,7160,23,03,1
INGOLF ENGESETÅlesund125,0134,02,3-1,6
ABSÅlesund100,3111,04,10,1
O SKARSBØHustadvika95,871,717,98,6
JOHAN GISKEØDEGÅRDGiske89,7190,3-2,7-19,1
ELLINGSØY KLIPPFISKÅlesund78,581,95,04,0
STRØMSHOLM FISKEINDUSTRIAure54,349,03,12,6
JAKOB OG JOHAN DYBVIKSula47,249,97,43,5
KORSNESET KLIPPFISKSula39,650,62,14,1
PEDER B SØRVIKAverøy25,023,70,30,1
RAFAEL DYBVIKSula24,342,8-0,20,3
STOKFISKGiske1,99,4-0,18,1
      
SUM 6615,27038,0228,1119,6
   
   
Selskap som både produserer klippfisk/saltfisk og pelagisk industri  
Tal i mill. Kroner     
  DriftsinntektRes. f. skatt
  2024202320242024
      
      
      
SPERREFISH (konsern)Ålesund4111,64033,398,750,0
NILS SPERREÅlesund1512,31424,570,735,4
OLAV E FISKERSTRANDSula598,2452,314,05,2
      
SUM 6222,15910,1183,490,6

Publisert: 19.09.2025 08:14

Sist oppdatert: 19.09.2025 08:04

Mer om