Vik Ørsta sommar 17 foto Ogne
KUTT: Vik Ørsta permitterer og framskundar pensjonering. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Klubbleiar i Vik Ørsta: – Kom litt brått på

Håpar permitteringar blir kortvarige.

Omlag 30 tilsette på avdelingane til Vik Ørsta i Ørsta har fått permitteringsvarsel eller takka ja til å gå ut i pensjon tidlegare enn planlagt. I Vik i Sogn omfattar det omlag 20 personar, seier Jan Torgeir Hovden, klubbleiar i Fellesforbundet Vik Ørsta.

I ei lenger periode har selskapet hatt mindre å gjere. Mykje av dette er fordi Regjeringa vil kutte i budsjettet, og redusere vegbygginga.

Dei det gjeld fekk varselet i førre veke, og dei som blir permitterte går ut i permisjon frå mandag 27. november.

Møre-Nytt fortalde fredag 3. november at dei tilsette hadde blitt orientert om nedbemanninga. Då vart det sagt at inntil 35 tilsette i Ørsta og 20 i Vik i Sogn kunne blir omfatta av permitteringane.

– Dette er svært beklageleg, og det er inga god kjensle å sende tilsette ut i permittering. Men slik marknadssituasjonen er no kjem vi til å ha overkapasitet framover, sa administrerande direktør Kjetil Nesset til Møre-Nytt.

NETT.NO har ikkje lukkast å få kontakt med Nesset.

Kom litt brått på
– Det vart eit høgare tal enn eg forventa. Vi er ikkje så vande med permitteringar her på Vik Ørsta. Etter ferien har det vore bra. Så varselet kom litt plutseleg på no. Eg håper det ikkje blir langvarig, fordi det er tungt for dei det gjeld. seier Hovden.

Han seier det er forståeleg at ein har behov for å permittere no.

– Talet permitteringar var forholdsvis høgt her i Ørsta. Det er klart at det går utover dei det gjeld. Vi prøver å ta vare på dei så godt vi kan, og det er nokre som får problem med det, seier Hovden.

Av dei omlag 30 i Ørsta og omlag 20 i Vik i Sogn som blir omfatta av nedskjæringa er det til saman rundt åtte - ni som har takka ja til å framskunde når dei går av med pensjon, ifølgje Hovden.

65 millionar til konsernet
Vik Ørsta lagar mellom anna lysmaster, autovernskinner og sikringsboltar for veg- og tunnelanlegg. I fjor sysselsette selskapet tilsaman 256 årsverk.

Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som fekk tilført 65 millionar kroner i konsernbidrag frå Vik Ørsta i fjor.

Også konsernet fekk ny rekord i driftsinntekter i fjor, men auka finanskostnadar gjorde at konsernet fekk eit minusresultat før skatt i 2022 (sjå tabell). Konsernet har anlegg og kontor i 13 europeiske land og har i alt 2500 tilsette.

Fleire eigarskifte
I 2007 blei det som då var Ørsta Gruppen slått saman med Euroskilt og Saferoad-konsernet etablert. Året etter blei Vik Verk i Sogn ein del av konsernet.

Eit investeringsfond i det svenske Nordic Capital-systemet kjøpte Saferoad i 2008. I 2017 vart konsernet børsnotert og året etter tok investeringsfond styrt av FSN Capital over som eigar.

Vik Ørsta as
Tal. i mill. kroner20222021
Driftsinntekt850,1791,1
Driftsresultat75,664,1
Resultat før skatt70,363,7

Saferoad as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt6173,35765,7
Driftsresultat221,0256,3
Resultat før skatt-87,0101,7

Publisert: 16.11.2023 10:41

Sist oppdatert: 16.11.2023 10:42

Mer om