Bøstrand transport foto bøstrand transport 11
ØRSTA-KONSERN: Bøstrand Gruppen består av fleire selskap og hovudverksemda skjer i transportselskapet. Foto: Bøstrand Gruppen
Nytt

Knapp margin for Ørsta-konsern

Bøstrand-leiinga er ikkje nøgd med fjorårsresultatet.

Linn Antonie Vårdal Solheim
20.07.2023

Bøstrand Gruppen AS består av dei fem selskapa Bøstrand, Bøstrand Transport, Bøstrand Kran, Autosenteret Ørsta, Søre Sunnmøre Gjenvinning og Hovden Næringseiendommer.

Konsernet sysselsette ifølgje årsrekneskapen 54 årsverk i løpet av fjoråret, ein ned frå 2021. Alle er tilsett og løna i dotterselskapet Bøstrand Transport.

Eigarane er ørstingane André Ose Bøstrand og Yngve Ose Bøstrand med 50 prosent kvar.

Ukraina-effekt
I salsinntektene i den konsoliderte konsernrekneskapen er alle transaksjonar mellom selskapa internt haldne utanfor, og Bøstrand Gruppen hadde i 2022 hadde salsinntekter på 97,7 millionar. Driftsresultatet enda på 1,2 millionar, og resultat før skatt var på 1,0 million.

Sjå resultattabell for Bøstrand Gruppen nedst i saka

Dette gjev ein resultatmargin på ein prosent. I årsmeldinga skriv styret at dei ikkje er tilfredse med årets resultat, og har innført tiltak for å bøte på situasjonen.

- Innsatsfaktorer i konsernet som diesel, dekk, kjøretøy og forsikring har steget betydelig i pris. Krigen har videre ført til at selskapet tidvis har opplevd varemangel, skriv Bøstrand Gruppen i årsmeldinga.

Transportselskap største aktivitetsdrivar
Det er i dotterselskapet Bøstrand Transport den største aktiviteten i konsernet skjer. Transport- og logistikkselskapet omsette i 2022 for 99,9 millionar, og resultat før skatt var 0,3 millionar.

Også Bøstrand Kran og Søre Sunnmøre Gjenvinning, med omsetning på høvesvis 39 millionar, og 10,1 millionar er viktige aktivitetsdrivarar for selskapet.

Mindre gjeld
Ved utgangen av 2022 hadde konsernet ein eigenkapitalandel på 43,97 prosent, ei auke frå 40,14 prosent året før.

Auken skuldast langt på veg ein reduksjon i gjeld i selskapet, der leverandørgjelda var 3,1 millionar og 32 prosent lågare ved utgangen av 2022 enn året før.

Høge leasingutgifter
Konsernet har store månadlege kostnadar knytt til leasing av driftsmiddel, og ifølgje årsrekneskapen har Bøstrand Gruppen totalt 62 operasjonelle kontraktar.

Månadleg har konsernet kostnadar for nesten 1,2 millionar kroner knytt til desse leasingkontraktene.

Bøstrand Gruppen
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
97,7
91,9
Driftsresultat
1,2
1,3
Resultat før skatt
1
-78,9

Publisert: 20.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.08.2023 14:38

Mer om