Global Floro anlegg
Nytt

Knappare marginar for Global-selskap

God start på 2024 for Global Florø.

01.07.2024

Auka kostnadar var negativt, men svak krone slo positivt ut for Global Florø i fjor.

Global Florø driv mottak og foredling av sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag i sitt anlegg i Florø. Selskapet er eit datterselskap av Global Fish i Ålesund, med Nergård-konsernet som største eigar.

Trass auka råvareprisar har Global Florø fått ein god start på 2024, ifølgje 2023-årsmeldinga for selskapet.

"Selv med betydelig økte råstoffkostnader har etterspørselen vært robust og og betalingsvilligheten til kundene vært god", skriv styret i årsmeldinga.

I den egyptiske marknaden har imidlertid prisen på rund sild blitt så høg at kundane finn alternativ. Konsekvensen for Global Florø er at selskapet heller fileterer silda og satsar på finne andre marknadar, ifølgje dagleg leir Geir Robin Hoddevik i Global Fish.

Global Florø as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt991,8966,3
Driftsresultat48,570,6
Resultat før skatt44,566,3

Prisfall
I fjor løfta El Niño-effekten prisen på fiskeolje, som mellom anna gjorde avskjer frå Global Florø sin filetproduksjon meir verdt, fordi det er råstoff for fiskeoljeproduksjon.

El Niño er namnet på eit tilstand der endra havstraumar gjer havet vest for Sør-Amerika varmare. Det påverkar veret over store deler av kloden og gjer også fisket utanfor Peru og Chile dårlegare. Det gjer at ein viktig råstoffkjelde for marine oljar krympar og prisane stig.

No er El Niño på retur, og fiskeoljeprisen er fallande, følgje Hoddevik.

Publisert: 01.07.2024 15:19

Sist oppdatert: 01.07.2024 15:19

Mer om