- Folk synest knivane våre er fine, og dei ser at det er ordentleg handverk, seier Torodd Helle (62), dagleg leiar, medeigar og altmoglegmann i Helle Fabrikker. Han har nyleg vore på ei stor jaktmesse i Pretoria, hovudstaden i Sør-Afrika, akkurat no er han på veg til ny messe i Atlanta i USA.
- Vi sel knivar i 30 land, fortel Helle (sjå faktaboks).
På den same messa deltok også
Torodd Helle veit at det tek tid å byggje opp ein ny marknad, sjølv i eit land med over 50 millionar innbyggjarar, og der jakt og friluftsliv - hiking - har høg prestisje. I nabolanda Namibia og Botswana står også denne kulturen sterkt.
Helle snakkar aldri om milliardar og sjeldan om millionar. Nokre hundretusen er ein bra start, og klarer ein over ein million i eit nytt land, er det svære greier.
Då lokalmarknaden vart for liten, tok Steinar turen over fjellet på sykkel med ryggsekken full av knivar som han selde for 40 øre stykket i Oslo.
- Det finst tusenvis av knivfabrikkar, og det må vere rom for oss i den store verda, seier Helle.
Knivfabrikanten ved vakre Dalsfjorden i Sunnfjord presenterer seg slik i årets brosjyre:
"The factory we work in today is great showcase - it might even be mistaken for a living museum. And this is how we intend to keep it."
- Vi lever av historia og sel noko meir enn knivar. Vi sel også ein livsstil og ein draum, og knivane våre har ein plass naturen her. Så må vi makte å fortelje historia på den rette måten, seier Torodd Helle.
Helle presenterer 39 modellar i år, alle med slire i ekte lêr og handtak av tre, dei fleste i bjørk. Bruksknivar - til fritid, jakt og fiske, og Speider Gutt og Speider Pike med ei historie heilt tilbake til 1955.
No peikar pila rett veg, mellom anna takka vere at marknadsarbeidet er meir spissa og Helle har fått ein oppsving i USA.
Norge er framleis den største marknaden med fem-seks millionar av inntektene, medan USA og Russland til saman gir om lag like mykje. Det betyr kring 13.000 knivar årleg til USA og 16.000 til Russland, der russarane i større grad enn amerikanarane kjøper dei mest typiske bruksknivane - til kvardagsbruk.
- Med eit volum som nærmar seg 20 millionar kroner i året, har vi rom for å gjere lønene våre meir konkurransedyktige og investere i fabrikken, seier Helle.
Han besøkjer no ei såkalla Blade Show-messe i USA, der nesten tusen personar stiller ut eigne knivar.
- Vi selde lause blad til knivmakarar for ein million i fjor. Det er viktig å vere slike stader for å få tilbakemeldingar på produkta våre, seier Helle.
- Vi sel knivar i 30 land, fortel Helle (sjå faktaboks).
Tek lang tid
- Vi har vore i Sør-Afrika før, på 1960-talet, men då gjekk det i bestikk. Dette er den første framstøyten for sportsknivar. Vi bør selje 500-700 knivar det første året og nærme oss 3000 i løpet av fire-fem år. Vi har fått ein agent vi har stor tru på, seier Helle.På den same messa deltok også
Torodd Helle veit at det tek tid å byggje opp ein ny marknad, sjølv i eit land med over 50 millionar innbyggjarar, og der jakt og friluftsliv - hiking - har høg prestisje. I nabolanda Namibia og Botswana står også denne kulturen sterkt.
Helle snakkar aldri om milliardar og sjeldan om millionar. Nokre hundretusen er ein bra start, og klarer ein over ein million i eit nytt land, er det svære greier.
Sykla over fjellet
Brørne Steinar og Sigmund Helle starta med knivproduksjon heime på garden i Holmedal for 82 år sidan. Den første fabrikken hadde ikkje elektrisk kraft, og dei måtte stole på regnvatn for å drive maskineriet. Når det regna, måtte brørne arbeide fort - opp til 36 timar i strekk.Då lokalmarknaden vart for liten, tok Steinar turen over fjellet på sykkel med ryggsekken full av knivar som han selde for 40 øre stykket i Oslo.
A living museum
Helle-kniven er handverk. Slik har det vore sidan starten, og Torodd Helle har ingen planar om å endre på dette.- Det finst tusenvis av knivfabrikkar, og det må vere rom for oss i den store verda, seier Helle.
Knivfabrikanten ved vakre Dalsfjorden i Sunnfjord presenterer seg slik i årets brosjyre:
"The factory we work in today is great showcase - it might even be mistaken for a living museum. And this is how we intend to keep it."
- Vi lever av historia og sel noko meir enn knivar. Vi sel også ein livsstil og ein draum, og knivane våre har ein plass naturen her. Så må vi makte å fortelje historia på den rette måten, seier Torodd Helle.
Helle presenterer 39 modellar i år, alle med slire i ekte lêr og handtak av tre, dei fleste i bjørk. Bruksknivar - til fritid, jakt og fiske, og Speider Gutt og Speider Pike med ei historie heilt tilbake til 1955.
Opptur i USA
Torodd Helle legg ikkje skjul på at det har vore tunge tider, og også krevjande personleg å drive fabrikken etter at søskenbarnet Svein Helle døydde og Torodd tok over.No peikar pila rett veg, mellom anna takka vere at marknadsarbeidet er meir spissa og Helle har fått ein oppsving i USA.
Norge er framleis den største marknaden med fem-seks millionar av inntektene, medan USA og Russland til saman gir om lag like mykje. Det betyr kring 13.000 knivar årleg til USA og 16.000 til Russland, der russarane i større grad enn amerikanarane kjøper dei mest typiske bruksknivane - til kvardagsbruk.
- Med eit volum som nærmar seg 20 millionar kroner i året, har vi rom for å gjere lønene våre meir konkurransedyktige og investere i fabrikken, seier Helle.
Han besøkjer no ei såkalla Blade Show-messe i USA, der nesten tusen personar stiller ut eigne knivar.
- Vi selde lause blad til knivmakarar for ein million i fjor. Det er viktig å vere slike stader for å få tilbakemeldingar på produkta våre, seier Helle.
Publisert: 21.05.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33