Børsdagen: Kom i mål med retta emisjon
Siste hinder overvunne. Alt klart for at Havila Kystruten kan hente heim dei to siste skipa.
Den retta emisjonen Havila Kystruten melde om tysdag er fullført. I ei melding frå TDN Direkt går det fram at emisjonen blei overteikna, og totalt 758,7 millionar kroner er henta inn.
Aksjen fell tungt på børs etter tysdagens oppgang, og ved stengetid handlast aksjen for 1,19 kroner, ein nedgang på 14,4 prosent.
Skal starte opp seglasar i august
Pengane som etter alle solemerke no er sikra, gjer at reiarlaget frå Herøy kan hente heim dei to siste skipa sine Havila Polaris og Havila Pollux.
Finansdirektør Arne Johan Dale vil ikkje svare på spørsmål om «alt no er på plass», men gir uttrykk for at brikkane i puslespelet er i ferd med å falle på plass. Overtakinga av dei to skipa vil vere det endelege beviset på at alt er i boks, legg han til.
Etter plane skal Havila Pollux og Havila Polaris segle frå Bergen 12. og 17. august - og Dale forsikrar at dei har kontroll på mannskapssituasjonen.
– Vi har klart å få mannskap på plass, seier han.
Sikrar finansieringsplan
Det var tysdag ettermiddag reiarlaget meldte dei ønska å dekke det resterande kapitalbehovet for å sikre ein finansieringsplan for selskapet ved å hente frisk kapital.
Det skulle skje gjennom ein retta emisjon, der dei henta 65 millionar euro. Omrekna til tysdagens valutakurs, der ein euro tilsvara 11,3 kroner, var den totale emisjonsramma sett til om lag 734,5 millionar kroner.
Det blei varsla at Havila Holding ville teikne aksjar tilsvarande 40 millionar euro, altså om lag 452 millionar kroner.
Reparasjonsemisjon
Etter ein retta emisjon er det vanleg kutyme å gjennomføre ein reparasjonsemisjon, der dei aksjonærane som ikkje har fått høve til å delta på den retta emisjonen får kjøpe seg inn til same pris.
Torsdag 20. juli blir det avhalde ekstraordinær generalforsamling i selskapet. I ei børsmelding onsdag morgon blir vilkåra for reparasjonsemisjonen offentleggjort, med eit atterhald om at det er generalforsamlinga som har mandat til å vedta om den gjennomførast eller ikkje.
Saka er oppdatert i løpet av dagen, og med oppdaterte kursar etter handelsslutt.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 2,97 | 10,41 % |
Atlantic Sapphire | kr 6,20 | 4,73 % |
Hofseth Biocare | kr 2,91 | 1,75 % |
Salmon Evolution | kr 6,65 | 1,06 % |
Hexagon Composites | kr 25,20 | 1,04 % |
Statt Torsk | kr 0,54 | 0,37 % |
Havila Shipping | kr 13,56 | 0,30 % |
Nortel | kr 26,60 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | kr 76,50 | 0,00 % |
Hav Group | kr 10,25 | -0,49 % |
Hexagon Purus | kr 19,58 | -0,61 % |
Norva 24 Group* | 26,10 kr | -1,51 % |
Arctic Bioscience | kr 9,02 | -3,22 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,13 | -3,42 % |
Endúr | kr 38,50 | -5,64 % |
Havila Kystruten | kr 1,19 | -14,40 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 19.07.2023 10:40
Sist oppdatert: 19.07.2023 17:40