Per Sævik Bent Martini foto Kjetil
KAN VERE I MÅL: Om Havila Kystruten lukkast med emisjonen er dei i mål med finansieringa av alle dei fire skipa. Her er eigar Per Sævik og reiarsjef Bent Martini framfor skipet Havila Castor i Herøy. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Børsdagen: Kystruten-oppgang før emisjonsnyheit

Kapitalinnhenting i cruisesatsinga til Havila. Sjå dagens børstabell for Nordvestlandet her.

Linn Antonie Vårdal Solheim
18.07.2023

Fleirtalet av selskapa med tilhøyrsle i nordvest hadde positiv kursutvikling tysdag.

Hovudindeksen på Oslo Børs enda opp 1,31 prosent, og gårsdagens blåmandag er tilsynelatande eit glømt kapittel.

Det mest spennande skjedde likevel rett etter stengetid, då Havila Kystruten melde at dei vil hente inn 65 millionar euro - eller rundt 730 millionar kroner.

Oppsving for Havila Kystruten
Det har vore nokre turbulente veker, månader og år for Havila Kystruten-aksjen, særleg etter at leiinga gjennomførte ein emisjon tidlegare i år. Då hadde kursen eit bratt fall, og har i tida etter hatt mykje oppturar og nedturar - ofte fleire gonger om dagen.

Kursen har både bevega seg i takt med nyhende som selskapet har kome med, og tilsynelatande utan noko førevarsel.

Tysdag hadde Havila Kystruten ein betydeleg oppsving, med ein kursauke på 10,32 prosent. Aksjen blei ved børsslutt handla for 1,39 kroner, nesten 35 prosent høgare enn botnnoteringa på 1,03 for mindre enn ein månad sidan.

Ein kan derimot ikkje sjå bort frå at det kan ha gått rykte om avklaring for selskapet, for tysdag ettermiddag, fire minutt etter børsslutt, meldte selskapet i ei børsmelding at Havila Kystruten vil gjennomføre ein ny retta emisjon og hente inn friske pengar til selskapet.

Vil hente heim to skip
Emisjonen skal etter planen dekke inn det gjenståande kapitalbehovet for å få på plass ein avtale som sikrar finansiering. Det gjer at reiarlaget kan hente heim dei to siste Kystrute-skipa Havila Polaris og Havila Pollux.

Teikningsperioda starta tysdag ettermiddag, og slutter onsdag morgon før børsen opnar.

Talet på aksjar vil fastsetjast av styret, og emisjonen er planlagt vedteke på generalforsamlinga i selskapet, som gjennomførast fredag denne veka. Emisjonskursen setjast til ei kroner per aksje.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten kr 1,39 10,32 %
Hofseth Biocare kr 2,86 7,12 %
Hexagon Composites kr 24,94 3,83 %
Hexagon Purus kr 19,70 1,55 %
Salmon Evolution kr 6,58 1,39 %
Atlantic Sapphire kr 5,92 1,37 %
Norva 24 Group* kr 26,50 0,76 %
Statt Torsk kr 0,54 0,75 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,17 0,00 %
Sparebanken Møre kr 76,50 0,00 %
Hav Group kr 10,30 0,00 %
Endúr kr 40,80 -0,24 %
Nortel kr 26,60 -0,75 %
Arctic Bioscience kr 9,32 -2,10 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,69 -2,18 %
Havila Shipping kr 13,52 -2,73 %
* Kurs i SEK

Publisert: 18.07.2023 16:46

Sist oppdatert: 18.07.2023 17:28

Mer om