Kommersiell avtale nummer to
Inseanergy skal levere anlegg til oppdrettselskap i Trøndelag.
Avtalen med det trønderske oppdrettselskapet Bjørøya er den andre kommersielle avtalen Ålesund-selskapet Inseanergy har inngått.
Partane opplyser ikkje kva Bjørøya skal betale for anlegget.
Inseanergy lagar flytande solcelleanlegg for oppdrettselskap, som skal bruke anlegga som supplement for dieselaggregat eller kraftforsyning frå land.
I september offentleggjorde Inseanergy si første kommersielle kontrakt, med torskeoppdrettselskapet Gadus Group.
- Vi er i dialog med mange oppdrettarar, også innanfor laks. Vi håpar og trur at når andre selskap ser at kollegaer i bransjen tek løysinga i bruk gjer det at ballen tek til å rulle, sa dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Inseanergy til NETT NO då Gadus-kontrakten var i boks.
Publisert: 07.11.2022 13:38
Sist oppdatert: 07.11.2022 14:11