Ola Kvalheim Gadus Group Foto Ogne
AVTALE: Gadus Group-sjef Ola Kvalheim offentleggjorde avtalen med Inseanergy på GATH-konferansen i Ålesund i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første kontrakt for Inseanergy

Gadus Group kjøper solcelleanlegg til torskeoppdrett.

08.09.2022

I løpet av hausten skal torskeoppdrettselskapet Gadus Group ha på plass eit flytande solcelleanlegg ved oppdrettsanlegget sitt ved Alida i Volda.

I desember i fjor inngjekk Gadus Group og Inseanergy ein intensjonsavtale om eit samarbeid for å utvikle ei energiforsyning til Gadus Group.

No har den munna ut i den første kommersielle kontrakten for Inseanergy. Det kunne Gadus Group-sjef Ola Kvalheim fortelje frå scena under GATTH-konferansen torsdag.

Billegare straum
Kvalheim vil ikkje opplyse kva Gadus Group betalar for anlegget. Men han seier solcellene vil levere rimlegare straum til anlegget ved Alida, enn Gadus Group må betale for straum frå land.

Anlegget skal få straum frå land og ha eit solcelleanlegg frå Inseanergy i tillegg.

Når lystilhøva er gode vil solcelleanlegget gjere at oppdrettsanlegget kan heilt eller delevis forsynast av kraft derifrå, og redusere bruken av kraft frå land.

Håpar på snøballeffekt
Dagleg leiar Jan Erik Våge Klepp i Inseanergy seier det er stor interessen for solcelleanlegga til selskapet og håpar den første kommersielle kontrakten er eit gjennombrot.

- Vi er i dialog med mange oppdrettarar, også innanfor laks. Vi håpar og trur at når andre selskap ser at kollegaer i bransjen tek løysinga i bruk gjer det at ballen tek til å rulle, seier han.

Meir frå GATH-konferansen:

(saka held fram under)

Inseanergy Gadus Group foto Kristin Støylen 11
FØRSTE AVTALE: Representantar for avtalepartnarane. Foran fra venstre: Asgeir Rognstad (prosjektleiar i Inseanergy), Ola Kvalheim (konserndirektør i Gadus), Falk Øveraas (samfunns- og myndighetskontakt i Gadus), Erik Rongved (CTO i Inseanergy), Jan Erik Våge Klepp (CEO i Inseanergy) og Kari-Elin Hildre (COO i Inseanergy). Foto: Gadus Group

Utrangerte anlegg
Ideen til Inseanergy er å bruke utrangerte oppdrettsanlegg som flytande solcellekraftverk som eit supplement til kraftforsyning frå dieselaggregat eller kraftkablar frå land.

Etter ei vellukka kapitalutviding tidleg i år, der Inseanergy henta inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital, er Roger Hofseth sitt selskap Ocean Solar største eigar, med 14,5 prosent av aksjane.

Nest største eigar er S. Notøy Eiendom med 12,7 prosent. S. Notøy Eiendom er eigd av fleire medlemer av Notøy-familien og er er eigar av presenningsprodusenten Plany i Sande kommune. Før kapitalutvidinga var S. Notøy Eiendom største aksjonær i Inseanergy.

Jan Erik Våge Klepp var tidlegare dagleg leiar i Plany før Inseanergy-satsinga. Han er tredje største aksjonær (7,6 prosent) gjennom sitt selskap Teknologen Invest.

Publisert: 08.09.2022 09:23

Sist oppdatert: 08.09.2022 10:40

Mer om