Kjell A Re Furnes Ablu Medical dnb nxt 2021 foto Ogne
MEIR TID: Tida fram til lansering av Ably Medical si sjukehusseng har tatt lenger tid enn dagleg leiar og medgrunnleggar Kjell-Are Furnes opphavleg såg for seg. Samstudes har utviklingsarbeidet også ført fram til nye produkt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kommersiell lansering neste år

Ably Medical siktar inn mot kommersiell lansering både i Tyskland og Italia i 2022.

07.10.2021

- Eg har lovd investorane at eg skal ut på vegen og selje neste sommar, seier dagleg leiar, medgrunnleggar og medeigar Kjell-Are Furnes i Ably Medical.

Ideen til selskapet si sjukehusseng er klekt ut hos hos innovasjonslaboratoriet til gründarne Kjell-Are Furnes, Jørn Refsnæs og Arve Voldsund i Ålesund i 2015. Målet var å lage ei seng som både letta arbeidet til pleiarane og brukarane for plager, mellom anna ved hjelp av sensorteknologi.

I tillegg til gründerane er også resten av aksjonærlista prega av investorar frå Nordvestlandet.

Tida fram til eit kommersielt produkt har vore lenger enn Furnes opphavleg hadde sett føre seg, vedgjekk han då han presenterte selskapet på DNB sitt arrangement DNB Nxt i Ålesund i dag. Samstundes har utviklingsarbeidet ført fram til fleire sjølvstendige produkt, i tillegg til sjukehussenga.

Digitalisere tyskararar
Størst forventningar har Furnes til den tyske marknaden. Dit skal Ably Medical levere sensorar (både i seng og andre stadar), boksen med datamaskinen som tek i mot og sender vidare informasjonen som blir samla inn og programvaren som gjer det råd å analysere informasjonen som blir samla inn.

Poenget er å digitalisere tyske sjukehus og fange opp og nyttiggjer seg av all informasjonen som blir samla inn på ein langt betre måte enn i dag. I første omgang har Ably Medical ein avtale om pilotprosjekt i to regionar i Bayern. Ser tyskarane effektiviseringsgevinstar er avtalen slik at det også utløyser sal, ifølgje Furnes.

Senger til Italia
I vår vart den italienske sjukesengprodusenten Malvestio ein mindre eigar i Ably Medical. Avtalen mellom dei to selskapa er at Malvestio skal bygge senger med Ably Medical-teknologi og lansere dei i Italia.

Malvestio eksporterer til omlag 70 land, og ein suksess i Italia vil opne opp for eksport også til nye marknadar, ifølgje Furnes.

Ably Medical as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt13,33,0
Driftsresultat-6,8-24,5
Resultat før skatt-7,2-24,8

Publisert: 07.10.2021 15:44

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:02

Mer om