Nytt
Satsar på sensorteknologi i alle senger
Sjukehussengselskapet Ably Medical gjer sensorteknologien sin klar for bruk også i andre senger.
10.11.2020
Ably Medical utviklar eit sjukehusseng som etter planen skal ut i marknaden neste år. Ved hjelp av sensorar og teknologi skal den både lette arbeidet for sjukehustilsette og gjere opphaldet betre for brukarane.
Målet er at i alle fall deler av produksjonen av senga skal skje på Sunnmøre, ifølgje selskapet.
Ideen til senga er klekt ut hos hos innovasjonslaboratoriet til gründarne Kjell-Are Furnes, Jørn Refsnæs og Arve Voldsund i Ålesund i 2015. I tillegg til gründerane er også resten av aksjonærlista prega av investorar frå Nordvestlandet.
No vil Ably Medical lansere sensorteknologien sin som eit eige produkt, som også kan brukast i andre senger og bårer enn Ably Medical si eiga seng. Det fortalde selskapet då det presenterte seg på Gurskenkonferansen i Fosnavåg mandag 9. november. Sensorane i blir bygd inn i ei matte som kan plasserast i bårer og senger.
I følgje selskapet står mange sjukehuspartnarar klar til å ta sensorløysinga i bruk.
I fjor blei det gjennomført to og i år ei kapitalutviding med kontantinnskot. Tilsaman har det tilført selskapet 37 millionar kroner i kontantar, ifølgje årsmeldinga for 2019.
Målet er at i alle fall deler av produksjonen av senga skal skje på Sunnmøre, ifølgje selskapet.
Ideen til senga er klekt ut hos hos innovasjonslaboratoriet til gründarne Kjell-Are Furnes, Jørn Refsnæs og Arve Voldsund i Ålesund i 2015. I tillegg til gründerane er også resten av aksjonærlista prega av investorar frå Nordvestlandet.
Eige sensorprodukt
Sjukehussenga er eit todelt produkt, ei seng som lettar kvardagen for pasient og pleiarar og sensorar og programvare som gjer det råd å overvåke og kartlegge tilstanden til pasienten.No vil Ably Medical lansere sensorteknologien sin som eit eige produkt, som også kan brukast i andre senger og bårer enn Ably Medical si eiga seng. Det fortalde selskapet då det presenterte seg på Gurskenkonferansen i Fosnavåg mandag 9. november. Sensorane i blir bygd inn i ei matte som kan plasserast i bårer og senger.
I følgje selskapet står mange sjukehuspartnarar klar til å ta sensorløysinga i bruk.
Brukt eigenkapitalmarknaden
Ably Medical har i stor grad brukt eigenkapitalmarknaden for å finansiere satsinga.I fjor blei det gjennomført to og i år ei kapitalutviding med kontantinnskot. Tilsaman har det tilført selskapet 37 millionar kroner i kontantar, ifølgje årsmeldinga for 2019.
Publisert: 10.11.2020 15:26
Sist oppdatert: 31.01.2022 09:03