Knut erik engh nett
KRYMPAR PROSJEKT: Planlagte nye omsorgsbustadar i Ulstein vil koste meir enn først venta, sjølv om talet på leilegheiter er kutta med 40 prosent, fortel Ulstein-ordførar Knut Erik Engh. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kommunane må bremse

Rentekostnadane til kommunane blir over dobbelt så høge neste år som dei var i fjor. Det tvingar kommunane til å sette bremsene på.

27.11.2022
ANALYSE:

I Ulstein kommune er planane for nye omsorgsbustadar like ved sentrum kutta frå 25 til 15 leilegheiter. Likevel er kostnadsoverslaget for prosjektet i dag høgare enn det var for eitt år sidan, då planen framleis var at det skulle bli 25 leilegheiter der.

Byggestart er ikkje vedtatt, det skal jobbast vidare med prosjektet for å få kostnadane ned, fortel Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp).

I tillegg til omsorgsbustadar omfattar prosjektet også fellesareal og kontor for rus-og psykiatritenesten i kommunen.

Den ferskaste kostnadsoverslaget er på 117 millionar kroner, som er to millionar høgare enn for eitt år sidan då det var 10 fleire leilegheiter i prosjektet.

Det har rett og slett blitt dyrare å bygge. Mellom anna har materialkostnadane gått i veret. No håpar kommunen at materialkostnadane har passert toppen og skal falle vidare, slik at det til slutt blir ei rimelegare utbygging enn i dag, fortel Engh.

Rimelegare material vil hjelpe på, men Engh og alle andre ordførarar landet rundt har fått ein ny kostnadsauke i fanget - frå gjelda si.

Ulstein kommune låner både frå bankar, frå obligasjonsmarknaden og i sertifikatmarknaden.

Eit sertifikatlån er som eit obligasjonslån, men meir kortsiktig. Sertifikatlån skal betalast attende innan eitt år og ofte enda raskare. Typisk blir eitt sertifikatlån erstatta med eit nytt. Då Ulstein kommune i desember i fjor fornya eit slikt lån, på 110 millionar kroner, var renta 0,905 prosent.

Ulstein kommunen har erstatta sertifikatlån med nye sertifikatlån ei rekkje gangar sidan desember i fjor, og renta på låna har gått opp kvar gang.

Då kommunen fornya eit liknande lån, på 106 millionar kroner, no i november var renta på lånet 3,66 prosent.

Sertifikatlåna er berre ein del av finansieringa til Ulstein kommune og kommunen har finansiert seg slik at stigande rentenivå ikkje slår inn for fullt straks, ifølgje Engh.

Graden av rentesikring vil avgjere kor raskt rentekostnadane stig i kvar kommune, men etterkvart vil alle sjå at gjeld kostar meir. Mykje meir.

Verdipapirforvaltning-selskapet Holbergfondene anslår i sin siste vekerapport at rentekostnadane til norske kommunar neste år vil vere omlag 21 milliardar kroner.

I fjor var dei ti milliardar kroner og den siste 10-årsperioden har dei aldri vore over 12-13 milliardar kroner.

Rentekostnaden er ein kombinasjonen av rentenivået og kor mykje du har lånt. Ein del av forklaringa på dei høge rentekostnadane kommunane har i vente er ein konsekvens av investeringar som er gjort i år det har vore billeg å låne.

Dei investeringane har vonleg gitt innbyggjarane betre kommunar å bu i.

Dei har også gitt bygge- og anleggsbransjen oppdrag. Dei oppdraga kan det blir mindre av framover frå kommunane si side,

Uansett er det no slik at kommunane må bruke meir pengar på å betale renter på låna sine enn dei har gjort på mange år. Det lettaste å gjere då er å la vere å gjere nye investeringar, som vil auke gjelda og rentekostnadane enda meir.

Om materialkostnadane går ned vil det hjelpe på, men nett no er byggjekostnadane omlag 30 prosent høgare enn i starten av 2019, ifølgje Holbergfondene. Dei er også 20 prosent høgare enn tidleg i 2021, då byggjekostnadane byrja å stige for alvor. Alt har blitt dyrare; maling, elektroarbeid, betongarbeid, rørlegging, tømring og snekring.

Ein kjapp retur til 2019-prisar er lite sannsynleg.

For kommunepolitikarar med byggjeambisjonar er det dermed to faktorar som gjer at dei i det minste må ta foten vekk frå gasspedalen: Høgare rente og dyrare å byggje.

Dermed blir det som med dei planlagde omsorgsbustadane i Ulstein, prosjekt blir krympa og i beste fall utsett.

Publisert: 27.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 01.12.2022 08:46

Mer om