Nytt
Kommune-avgift på oppdrettsnæringa
Oppdrettarane må betale 40 øre pr. kilo til kommuner og fylke.
12.05.2020
NPK- Anne Sigrid Hundere: Regjeringa foreslår å innføre produksjonsavgift på laks, aure og regnbogeaure i statsbudsjettet for 2021. Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK) er glade for at regjeringa ser vekk frå anbefalinga til Havbruksskatteutvalget om grunnrenteskatt.
Produksjonsavgifta er sett til 40 øre per kilo produsert fisk. Ifølgje regjeringa vil dette gi om lag 500 millionar kroner årleg i auka inntekter til kommunesektoren frå og med 2022.
Finansdepartementet presiserer i ei pressemelding at det ikkje blir foreslått nokon overskotsbasert grunnrenteskatt.
– Vår første reaksjon på dette forslaget er at det er godt og varetek det synspunktet vi har forfekta heile tida – at det er ein kostnad for kommunane å vere vertskap for oppdrettsnæringa. Dette viser den svært viktige rolla som kommunane har som tilretteleggjarar, seier Hitra-ordførar Ole L. Haugen, styreleiar i NFKK, i ei pressemelding.
Tilhøyrer lokalsamfunnet og kommunane
NFKK har arbeidd i over ti år for at kommunane skal få kompensert for at dei legg til rette for verdiskaping i sjøallmenningen.
– Det er gledeleg at vi etter 10 års kamp får gjennomslag for kravet om at vi skal ha betalt for bruk og leige av areal. Dette betyr ei meir føreseieleg inntekt til kommunane, seier Haugen til Nynorsk pressekontor.
– Kvifor har dette vore så viktig?
– Det prinsipielle handlar om at vi avstår naturressursar som tilhøyrer lokalsamfunnet og kommunane. Når nokon eksklusivt får bruke desse ressursane, så er det rett og rimeleg at ein betaler for det.
– Det har vore knytt stor spenning til korleis regjeringa ville følgje opp denne utgreiinga. No har vi svaret, og det er svært gledeleg at regjeringa ser vekk frå anbefalinga til fleirtalet i utvalet. I staden har dei lytta til representantane frå KS, LO og NHO, fleirtalet på Stortinget, inkludert landsmøta til enkelte av regjeringspartia. No blir det innført ei produksjonsavgift, medan statleg grunnrenteskatt blir avlyst, seier Haugen.
Administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark, seier til NRK at han er glad for at politikarane har lytta.
– Dette er eit forslag som næringa og vertskommunane langs kysten har foreslått. Vi er positive til at ein får ein ei avgift som går til kommunane, framfor ei omfattande statleg grunnrenteskatt, seier Ystmark til kanalen.
Regjeringa legg opp til at havbrukskommunane- og fylkeskommunane i tillegg skal få 25 prosent av inntektene frå framtidige sals- og auksjonsinntekter frå havbruksløyve.
NFKK skulle ønskt at denne delen til kommunane var større.
– Regjeringa legg opp til at delen av inntektene til kommunane frå framtidige sal- og auksjonsinntekter blir redusert til 25 prosent. Eg skulle gjerne sett at delen til kommunane var større, og tek atterhald om å kommentere detaljane til eg har fått sett meg inn i budsjettet, seier Haugen i ei pressemelding.
– Vi er opptekne av at kommunane som bidreg til å leggje til rette for havbruk får ein del av havbruksinntektene. No får dei ei meir stabil og føreseieleg produksjonsavgift, i tillegg til ein del av framtidige auksjonsinntekter. Dette forslaget balansere omsynet til næringa og inntekter til havbrukskommunane, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i pressemeldinga.
Produksjonsavgifta er sett til 40 øre per kilo produsert fisk. Ifølgje regjeringa vil dette gi om lag 500 millionar kroner årleg i auka inntekter til kommunesektoren frå og med 2022.
Finansdepartementet presiserer i ei pressemelding at det ikkje blir foreslått nokon overskotsbasert grunnrenteskatt.
NFKK: – Svært gledeleg
Regjeringa går dermed mot fleirtalet i Havbruksskatteutvalget, som gjekk inn for overskotsbasert grunnrenteskatt. Det er Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK) svært fornøgd med.– Vår første reaksjon på dette forslaget er at det er godt og varetek det synspunktet vi har forfekta heile tida – at det er ein kostnad for kommunane å vere vertskap for oppdrettsnæringa. Dette viser den svært viktige rolla som kommunane har som tilretteleggjarar, seier Hitra-ordførar Ole L. Haugen, styreleiar i NFKK, i ei pressemelding.
Tilhøyrer lokalsamfunnet og kommunane
NFKK har arbeidd i over ti år for at kommunane skal få kompensert for at dei legg til rette for verdiskaping i sjøallmenningen.
– Det er gledeleg at vi etter 10 års kamp får gjennomslag for kravet om at vi skal ha betalt for bruk og leige av areal. Dette betyr ei meir føreseieleg inntekt til kommunane, seier Haugen til Nynorsk pressekontor.
– Kvifor har dette vore så viktig?
– Det prinsipielle handlar om at vi avstår naturressursar som tilhøyrer lokalsamfunnet og kommunane. Når nokon eksklusivt får bruke desse ressursane, så er det rett og rimeleg at ein betaler for det.
– Politikarane har lytta
For Hitra-ordføraren og dei andre kommunane i NFKK har det vore knytt stor spenning til kva løysing regjeringa ville foreslå.– Det har vore knytt stor spenning til korleis regjeringa ville følgje opp denne utgreiinga. No har vi svaret, og det er svært gledeleg at regjeringa ser vekk frå anbefalinga til fleirtalet i utvalet. I staden har dei lytta til representantane frå KS, LO og NHO, fleirtalet på Stortinget, inkludert landsmøta til enkelte av regjeringspartia. No blir det innført ei produksjonsavgift, medan statleg grunnrenteskatt blir avlyst, seier Haugen.
Administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark, seier til NRK at han er glad for at politikarane har lytta.
– Dette er eit forslag som næringa og vertskommunane langs kysten har foreslått. Vi er positive til at ein får ein ei avgift som går til kommunane, framfor ei omfattande statleg grunnrenteskatt, seier Ystmark til kanalen.
Finansministeren: – Betydeleg verdiskaping
– Havbruksnæringa er ei stor og viktig næring for Noreg som bidrar med betydeleg verdiskaping og sysselsetting langs kysten, og regjeringa vil legge til rette med gode og føreseielege rammevilkår. Samstundes er Noreg ein av dei få plassane i verda der klima- og naturforholda legg til rette for effektiv oppdrett av laks i sjøen. Derfor er det naturleg at fellesskapet får ein del av avkastninga gjennom ei produksjonsavgift, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i pressemeldinga.Regjeringa legg opp til at havbrukskommunane- og fylkeskommunane i tillegg skal få 25 prosent av inntektene frå framtidige sals- og auksjonsinntekter frå havbruksløyve.
NFKK skulle ønskt at denne delen til kommunane var større.
– Regjeringa legg opp til at delen av inntektene til kommunane frå framtidige sal- og auksjonsinntekter blir redusert til 25 prosent. Eg skulle gjerne sett at delen til kommunane var større, og tek atterhald om å kommentere detaljane til eg har fått sett meg inn i budsjettet, seier Haugen i ei pressemelding.
Føreseieleg produksjonsavgift
Produksjonsavgifta skal i forslaget erstatte delar av kommunane sin del av salsinntektene frå nye løyve, som dei har fått gjennom Havbruksfondet.– Vi er opptekne av at kommunane som bidreg til å leggje til rette for havbruk får ein del av havbruksinntektene. No får dei ei meir stabil og føreseieleg produksjonsavgift, i tillegg til ein del av framtidige auksjonsinntekter. Dette forslaget balansere omsynet til næringa og inntekter til havbrukskommunane, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i pressemeldinga.
Publisert: 12.05.2020 15:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57