Kongeleg interesse for Vard nyskaping
VARD: Her kong Harald flankert av kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard og næringsminister Monica Mæland.
Nytt

Kongeleg interesse for Vard-nyskaping

No skal styrmenn og kapteinar sleppe å verte forstyrra av offshorepersonell på brua. I Vard sitt nye skipskonsept har kapteinane fått topp-dekket for seg sjølv.

02.06.2015
- På mange av dagens offshorefartøy er skipsbrua enormt stor, med masse folk og operasjonar som skjer derifrå. No har vi delt funksjonane over to dekk, seier Kjell Morten Urke, som har leia Vard si satsing på det nye skipskonseptet - a step forward.
Dei som styrer skuta vil god utsikt over 360 grader. Det er opa løysing til etasjen under, der offshoreaktivitetane skal leiast frå.
- Vi trur at dette er ei god løysing, i alle fall på store og avanserte skip med mykje folk om bord.

- Viktig å tenkje nytt

Men det er ikkje berre bruløysinga som er ny på Vard si storsatsing på sitt nye skipskonsept. Her er det gjort endringar på ei lang rekkje område i eit prosjekt der Vard Accomodation, Vard Electro og Vard Design har vore involvert i.
Urke meiner at det ikkje er eit feil tidspunkt å lansere ein ny skipsmodell for ei hardt pressa offshorenæring.
- Vi trur ikkje at vi kjem til å signere ein einaste ny kontrakt på Nor-Shipping på det nye designet, men dette kan vere løysinga for offsorereiarar fleire år fram i tid.
- Uansett er det også slik at det er i utfordrande tider det er viktig å tenkje nytt.

Hjelp av bildesignar

Til prosessen har Vard henta inn ekspertise frå bildesign, nemleg designar Per Ivar Selvaag i det California- og Stavanger-baserte selskapet Montaag.
Selvaag har arbeidd med bilfirma som Peugeot og BMW. Han meiner at det har vore lett å arbeide saman med skipsbyggjarane.
- Eg har vore mest ein katalysator for mange av ideane.

Balanse mellom fint og godt

Han meiner at det har vore viktig å finne ein god balanse mellom eit fint skip og eit funksjonelt skip.
- Det er lett å lage eit skip som ser flott ut, men dette er ikkje nødvendigvis eit godt skip.
Selvaag meiner at norske skipsdesignarar er flinkare til å fokusere på funksjonelt design enn nødvendigvis eit design som skal sjå bra ut.
- Det perfekte er å få til begge deler, men for reiarane og selskapa som skal leige båten, er det viktigast at alt fungerer optimalt.

Kong Harald-besøk

Selvaag seier at alle deler av skipet er gått gjennom.
- Fokuset har vore å finne sikre, bruksvenlege og funksjonelle løysingar der vi også har fokus på lavt drivstoff-forbruk og høg miljøytelse.
Under Nor-Shipping kan ein få vere med om bord i modeller av både den nye bruløysinga og den nye lugarløysinga. På plass er også ein stor modell av det nye designet, og mellom gjestane tysdag var også kong Harald.

Det er lett å lage eit skip som ser flott ut, men dette er ikkje nødvendigvis eit godt skip

Publisert: 02.06.2015 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44