Sølvtransbåt ill Kongsberg
Kongsberg Maritime står for designet av Sølvtrans sin nyaste brønnbåt og Awilcos komande serviceskip for vindkraftanlegg til havs. Illustrasjon: Kongsberg Maritime
Nytt

Kongsberg-design til vind og oppdrett

Awilco tungt inn i service for vindkraftindustrien, med skip teikna hos Kongsberg Maritime på Sunnmøre.

02.03.2021

Eit nyskipa selskap i reiarlaget Awilco - Intergrated Wind Solutions - vil i første omgang bygge minst to og kanskje fire serviceskip for vindkraftproduksjonsanlegg til havs.

Investeringane kan kome opp i minst tre milliardar kroner, skriv Finansavisen.

Skipa skal byggast hos China Merchants Heavy Industry, ifølgje avisa.

Dei får plass til 120 personar og blir utstyrt med gangbru som kompenserer for bølgjene.

Teikna på Sunnmøre
Skipa er utvikla hos Kongsberg Maritime på Sunnmøre i nært samarbeid med Awilco, seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk til NETT NO.

For Kongsberg Maritime kan det bli snakk om både ein design- og utstyrskontrakt.

Driftsdirektør Christopher A. Heidenreich i Integrated Wind Solutions' seier til Finansavisen at 80 prosent av verftskontrakt består av utstyr fra leverandørar som blant andre Kongsberg Maritime.

I følgje avisa var også norske verft med i konkurransen om å få bygge skipa, men prisskilnaden mellom Noreg og Kina var så stor at det reiarlaget valde kinesisk verft.

Brønnnbåt-kontrakt
Kongsberg Maritime offentleggjer tysdag også at selskapet skal levere av design og utstyr til brønnbåten på 5000 kubikkmeter lastekapasitet som skal bygges ved Myklebust Verft for Sølvtrans.



– Dette er den åttande båten vi har designa til Sølvtrans, og den sjette som blir bygd ved Myklebust Verft, seier Monrad Hide, salsdirektør for Ship Design, Kongsberg Maritime i Ålesund.


Publisert: 02.03.2021 11:14

Sist oppdatert: 11.06.2021 10:05