Sjomilitaert senter Kongsberg Alesund foto Ogne
DELING: Kongsberg Gruppen si satsing på standardiserte skip til Forsvaret har blitt gjort i regi av forsvarsdelen av Kongsberg Gruppen, ikkje av datterselskapet Kongsberg Maritime, som no skal skillast ut frå Kongsberg Gruppen. Biletet er frå opninga av Kongsberg Gruppen sitt sjømilitære kontor i Ålesund i mai 2025. Kontoret er ein del av forsvardelen av Kongsberg Gruppen, ikkje ein del av Kongsberg Maritime. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kongsberg Maritime vil designe skip til Forsvaret

Lanserer sitt kandidatur same dag som Kongsberg Gruppen skal vedta å skille ut Kongsberg Maritime som eige selskap.

22.01.2026

«Kongsberg Maritime deltar i prekvalifiseringen til konkurransen for Sjøforsvarets nye standardiserte fartøy (P1118). Deltakelsen understreker selskapets tydelige satsing på sjøforsvarssegmentet, også i lys av den planlagte børsnoteringen som eget selskap», skriv Kongsberg Maritime i ei pressemelding i dag.

Pressemeldinga vart sendt ut berre to timar før den ekstraordinære generalforsamlinga i Kongsberg Gruppe, der delinga av konsernet og utskiljinga av Kongsberg Maritime skal vedtakast.

Fekk det ikkje som dei ville
Hadde Kongsberg Gruppen fått det heilt som dei ville, hadde staten gått inn for å kjøpe dei 28 nye standardiserte fartøya til Forsvaret gjennom ein såkalla direkte anskaffelse - med Kongsberg Gruppen som lokomotivet og med fartøy bygd etter deira sitt design.

KM Conceptual illustration from Kongsberg Maritime Ship Design 2
KONGSBERG MARITIME-DESIGN: Slik ser Kongsberg Maritime for seg at dei nye skipa til Forsvaret kan sjå ut. Illustrasjon: Kongsberg Maritime

Utviklinga av det designet og den planen skjedde i regi av forsvarsdelen av konsernet, ikkje i regi av Kongsberg Maritime, som no varslar at selskapet er mellom dei 11 som har søkt om å bli kvalifisert til designkonkurransen.

Kongsberg Maritime ønskjer å vidareføre og styrke si rolle som industripartnar for det norske sjøforsvaret også etter utskillinga frå Kongsberg Gruppen, skriv selskapet i pressemeldinga.

«Vi er med i konkurransen med hele vår produktportefølje inkludert skipsdesign og integrerte systemløsninger for avanserte fartøyer. For oss og for den norske, maritime klyngen, er dette en unik mulighet som vi gjerne vil være med på», seier Per Håvard Siljan Hjukse, Executive Vice President i Kongsberg Maritime i melding.

Plan B
Då det blei klart at Kongsberg Gruppen sitt opphavlege ønskje ikkje gjekk gjennom sa Ronny Langset, leiar for Kongsberg Gruppen sitt sjømilitære kontor i Ålesund, at konsernet ville vere med.

Det sjømilitære lontoret er ein del av forsvarsdelen av Kongsberg Gruppen, og ikkje ein del av Kongsberg Maritime som skal skiljast ut.

– Når styresmaktene har tatt dette valet så repekterer og støttar vi det. Og vi har framleis lyst å delta og vere det lokomotivet, seier Ronny Langset. 

Nett No har førebels ikkje lukkast å få ein kommentar fra Kongsberg Gruppen til pressemeldinga frå Kongsberg Maritime, og ei heller svar på om Kongsberg Gruppen er med i konkurransen om å designe fartøya.

Publisert: 22.01.2026 12:06

Sist oppdatert: 23.01.2026 08:49

Mer om