Aas Provider foto Wikimedia Commons
OPPDRETT OG SEISMIKK: Aas Provider ved kai i Bergen i 2020. Fartøyet har vore utleigd til både oppdrett- og seismikkbransjen og ligg no i Vestnes, ifølgje Marine Traffic. Foto: Wikimedia Commons/Cavernia
Nytt

Konkurs for Aas Kystservice

Selskapet melde oppbod.

15.02.2024

Aas Kystservice på Vestnes har tatt på seg oppdrag både i oppdrettsnærings og oljebransjen.

I mai 2023 la Aas Kystservice om frå å leige ut Aas Provider til oppdrag for oppdrettsnæringa, til å leige den ut som følgjebåt til seismiske undersøkingar,

Tidlegare i år gav Møre og Romsdal tingrett fem tilsette i Aas Kystservice medhald i krav om arrest i fartøyet Aas Provider, som pant for for lønskrav mot selskapet.

Ei konkursbegjæring frå Skatteetaten skulle opp i retten 9. februar. Den saka blei det ikkje noko av, men no har selskapet sjølv gått til retten og bedt om oppbod.

Aas Kystservice blei registrert i 2011.

Ifølgje konkurskjennelsen har selskapet opplyst at det har ei gjeld på 1,8 millionar kroner og eigendelar som "ikke antas å utgjøre betydelig verdi."

Anna Reistad i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz er oppnemnd som bustyrar. Frist for å melde krav er 23. mars og første skiftesamling er torsdag 11. april.

Publisert: 15.02.2024 13:14

Sist oppdatert: 19.02.2024 08:48