Konkurs for Brattvåg-selskap
Håp om ny jobb for dei tilsette i elektrofirma.
System-Electro i Brattvåg har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.
Selskapet har hatt 14 tilsette og verksemda er innstilt, ifølgje rettspapira.
Der kjem det også fram at selskapet har kring 7,5 millionar i gjeld og verdiar for kring 3,3 millionar kroner.
Bustyrar Christian Garmann var torsdag i møte med leiinga. Etterpå fortel han at årsaka til konkursen er for svak inntening over tid.
- Omsetninga sett i forhold til arbeidsstokken har ikkje vore god nok, seier han til NETT NO.
Håp om ny jobb for tilsette
Bustyraren har snakka med dei tilsette og skaffa ei oversikt over situasjonen, i tillegg til å sikre eventuelle verdiar.
Det er lite truleg med ny drift med same leiinga, men bustyraren fortel at det er håp om ny jobb for dei tilsette – utan at han kan svare meir inngåande om det per no.
Etter det NETT NO forstår kan det vere snakk om at andre firma kan vere aktuelle for å overta dei tilsette og eventuelle oppdrag.
Selde nyleg verksemd til Acel
Selskapet blei registrert i 2008 og har hatt hovudkontor i Brattvåg.
Verksemda har vore elektroinstallasjon og -service, i tillegg til snikkararbeid for ulike kundar i industri, landbruk og bustader.
System-Electro har også hatt verksemd i Valldal og på Sjøholt, som blei seld til Acel i løpet av 2021.
Les også
Svakare økonomi siste åra
Rekneskapa viser at økonomien dei siste åra har vorte svakare.
I 2021 omsette firmaet for drygt 23 millionar og gjekk i pluss, medan rekneskapen gjekk i minus året før. Eigenkapitalen var ved utløpet av 2021 drygt 900.000 kroner og samla gjeld var på 8,9 millionar kroner.
Første skiftesamling vert 21. august ved tingretten i Ålesund.
Publisert: 13.07.2023 10:18
Sist oppdatert: 13.07.2023 22:14