Konkursar 2023 montasje bygg servering varehandel foto marius 11
FLEST I BYGG, SERVERING OG VAREHANDEL: Serveringsbransjen og varehandel, står saman med bygg- og anleggsbransjen for halvparten av konkursane i Møre og Romsdal så langt i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Møre og Romsdal på konkurstoppen

Tre bransjar står for halvparten av konkursane i nordvest så langt i år.

Marius Rosbach
03.05.2023

Møre og Romsdal er det fylket i landet der konkurstala auka mest i april månad. Det kjem fram i tal Dun & Bradstreet presenterer onsdag.

Medan april var den første månaden konkursveksten gjekk ned for landet samla, samanlikna med i fjor, gjekk den opp i Møre og Romsdal.

I snitt auka talet på konkursar med 13,5 prosent samanlikna med april i fjor for alle landets fylke. I Møre og Romsdal auka derimot talet på konkursar med heile 57 prosent.

I reine tal er det likevel ikkje snakk om ein stor mengde selskap. 11 bedrifter måtte stenge ned verksemda i Møre og Romsdal i april månad, mot sju i same månad i fjor.

Ligg an til «rekordår»
Så langt i år har konkurstala auka kraftig samanlikna med fjoråret, og 2023 ligg an til å bli eit «rekordår», ifølgje Dun & Bradstreet.

Også for dei fire første månadene ligg Møre og Romsdal heilt i toppen saman med Nordland og Rogaland. Ved utløpet av april hadde nær 44 prosent fleire bedrifter gått konkurs i fylket i år samanlikna med same periode i fjor.

I Nordfjord-kommunane har det vore få konkursar så langt i år. I Kinn gjekk Natas Restaurant i Deknepollen konkurs tidleg i januar, og i Stryn gjekk bemanningsselskapet Vest Maritim Consulting konkurs i mars.

Elles har også Gloppen hatt fire konkursar. To av dei var enkeltpersonføretak og dei andre gjaldt eit snikkarfirma og ei designbedrift.

Størst auke i varehandel og restaurant
NETT NO har fleire gonger tidlegare i år omtala dei høge konkurstala. Men sjølv om auken er stor frå 2022, har veksten i konkursar slakka av også på Nordvestlandet, samanlikna med dei første månadene av året.

Detaljhandel og hotell og restaurantbransjen er mellom dei som opplever størst auke i talet på konkursar på landsbasis. Samanlikna med i fjor er tala kring 90 prosent opp for begge bransjar.

Analytikar Elise Melhus i Dun & Bradstreet meiner tala understrekar at bransjar som til vanleg har låge marginar og sterk konkurranse, no kjenner auka press.

- Lågare etterspurnad forsterka av stigane bustadrenter, kombinert med høgare kostnader for bedriftene, fører til vanskelegare tider for fleire, uttaler ho i ei pressemelding om tala.

Halvparten av konkursane i tre bransjar
Trenden med mange konkursar i serveringsbedrifter og varehandel, går att i statistikken frå Møre og Romsdal.

Saman med bygg- og anleggsbransjen står desse bransjane for halvparten av dei 70 konkursane i fylket så langt i år.

Varehandelen og byggebransjen står for flest med 12 og 14 konkursar, medan 8 serveringsbedrifter i fylket har gått over ende.

Også 9 industriselskap er med i statistikken, som inkluderer fem av Geiranger Bakeri-selskapa som var oppført under matproduksjon.

Langset-konkursar størst
Den mest omfattande verksemda som har gått konkurs på Nordvestlandet i år, er Langset-selskapa Langset KMC As og Langset Yard Services.

Til saman hadde selskapa kring 140 tilsette og fleire titals millionar i gjeld. Dei tilsette fekk nye jobbar i andre selskap og konsernet tok over oppdraga til dei konkursråka bedriftene.

Geiranger Bakeri-selskapa er óg mellom dei største konkursane i regionen i år. Til saman sju selskap melde oppbod og kring 35 tilsette stod utan jobb i januar. I fleire av lokala er det no ny verksemd.

Tasty corner amfi moa foto marius 11
AMFI MOA: Spiseplassen Tasty Corner på Amfi Moa er ei av serveringsbedriftene på Nordvestlandet som har gitt opp drifta i år. Foto: Marius Rosbach

Kroken på døra i sentrum og Moa
I Ålesund har mellom anna Sjøbua-restauranten i sentrum gitt opp drifta. Også her er det utsikter til ny verksemd, etter at Flakk-gruppen har engasjert seg.

På Amfi Moa har auka husleige bidrege til at fleire selskap har sett kroken på døra. Innehavane av både spiseplassen Tasty Corner og ølbutikken til Ålesund Ølutsalg oppga det som årsak til at økonomien blei vanskeleg.

Fleire etablerte går over ende
I varehandelen har det vore fleire konkursar i selskap som har vore i bransjen i ei årrekke. I slutten av april melde Gulv- og tapetbutikken H Svindseth i Ålesund oppbod etter 60 års verksemd.

Også entreprenørselskapet La-Nordhaug i Molde med 20 tilsette hadde vore i bransjen sidan midten av 1980-talet, då dei melde oppbod i midten av februar.

I Ålesund sentrum stengde Malertorget dørene i januar. Butikken forklarte oppbodet med sviktande sal og galopperende utgifter, og styreleiaren meinte stort prispress gjorde det umogleg å konkurrere mot dei store kjedene.

Malertorget Ålesund oppbud foto Marius Rosbach 11
OPPBUD: Malertorget i Ålesund stengde dørene i januar. Butikken forklarte oppbodet med sviktande sal og galopperende utgifter, Foto: Marius Rosbach

Publisert: 03.05.2023 14:54

Sist oppdatert: 03.05.2023 14:53

Mer om