rettssal illustrasjon foto marius 11
ÅLESUND: Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurse i ventilasjonsfirmaet etter at selskapet hadde meldt oppbod. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs for ventilasjonsfirma med 16 tilsette

Melde oppbod med milliongjeld drygt to år etter oppstarten.

Marius Rosbach
10.10.2024

Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i Ålesund Ventilasjon etter at selskapet hadde meldt oppbod. 

Verksemda er framleis i gong med 16 tilsette, ifølgje rettspapira

 Der går det også fram at selskapet hadde ei gjeld på drygt 1,5 millionar og verdiar for kring 46.000 kroner. 

Bustyrar i saka er Øystein Remme og første skiftesamling er planlagt 18. november. 

Firmaet som blei starta tidleg i 2022, er oppført med ei omsetning på nær 13 millionar i 2023. Same år enda med drygt 1,7 millionar i underskot. 

I rekneskapen går det fram at eigenkapitalen gjekk tapt i løpet av 2023.

Styret påpeika i årsmeldinga at det var usikkerheit kring vidare drift, men at det var innført «fokus på lønnsomhet» i nye prosjekt og «optimalisering av kostnadene». 

I følgje ei kunngjering frå Brønnøysundregistera i august, stod selskapet utan revisor.

Publisert: 10.10.2024 17:54

Sist oppdatert: 10.10.2024 18:31

Mer om