Konkurs i marknadsfoeringsselskap
SLUTT: Frode Færøy var både dagleg leiar og største eigar i marknadsføring- og utviklingsselskapet Øvre Stordal.
Nytt

Konkurs i marknadsføringsselskap

Øvre Stordal skulle marknadsføre Overøye som skistad, hytteområde og reisemål. No er det slutt.

27.01.2020
Selskapet hadde omlag 50 aksjonærer, blant dei både entreprenørar, hytteutbyggingselskap, grunneigarar, skisenteret, idrettslaget i Stordal og ei rekkje privatpersonar og med tilknytning til skianlegget og Overøye-området.
Øvre Stordal sytte både for generell marknadsføring av området, formidla hytteutleige, utleige av utstyr, sal av heiskort og annonserte hyttetomter for sal. I tillegg sto selskapet for ulike arrangement, kurs og guidetenester i området.
- Vi skal gjere det enklare og kjekkare å kome seg ut. Det skal vere gøy på fjellet heile året, sa dagleg leiar Frode Færøy til NETT NO i 2018.

Det er omlag 400 hytter og sel på Overøye, og det er med omlag 230 hytteeigarar i Øvre Stordal Vel.

Styret sette strek

Det var styret som bad om oppbod i selskapet, seier bustyrar Øystein Remme.
Grunnen var at selskapet ikkje kunne betene gjelda og at det heller ikkje var utsikter til betring i økonomien. Den bokførte eigenkapitalen ved utgangen av 2018 var minus 0,6 millionar kroner. Gjelda på same tidspunkt var 0,1 millionar.

Største eigar

I tillegg til å vere dagleg leiar var Frode Færøy også største aksjonær. Gjennom selskapet Basecamp Stordal eigde han 31,2 prosent av aksjane i Øvre Stordal. Det blei opna konkurs i Basecamp Stordal 21. januar i år.
Nest største eigar var selskapet Arena Overøye as, med 20,8 prosent av aksjane. Dei tre største eigarane i det selskapet er eigedomselskapet Pedro Eiendom, entrprenørselskapet Busengdal og investeringselskapet Westre Invest.
Arena Overøye er driftsselskapet som driv alpinanlegget på Overøye. I 2018 var driftsinntektene 3,9 millionar kroner og resultatat før skatt minus 58.000 kroner.

Publisert: 27.01.2020 17:21

Sist oppdatert: 14.06.2021 09:15