Skjermbilde 2023 11 09 kl 14 23 39
SLUTT: Etter kraftig inntekstfall og millionunderskot i fjor held vanskane fram i år.No har selskapet gått til skifteretten. Foto av nettsida til Com-Net.
Nytt

Konkurs med 20 millionar i gjeld

Slutt for Com-Net i Ulsteinvik.

09.11.2023

Styret i elektro- og telecomleverandørselskap Com-Net har gått til retten og bedt om oppbod i selskapet.

Etter eit eigarskifte i 2022 venta selskapet vekst i service- og ettermarknaden for tele-, fiber- og datanettverk på Nordvestlandet.

Det gjekk ikkje som håpa. Ifølgje kjennelsen om konkurs har selskapet gjeld på 20 millionar kroner, verdiar på 12 millionar og selskapet kan ikkje gjere opp for seg. Betalingsvanskane er heller ikkje forbigåande.

22 tilsette
Com-Net har 22 tilsette ved konkursopninga.

Linda Brevik er bustyrar. Første skiftesamling er 8. januar 2024.

Det var selskapet Teal Holding som blei ny hovudaksjonær i Com-Net i fjor. Teal Holding er eigd av Severin Gjerde, Karsten Gefle og Frank Håkon Garnes som medeigarar.

I 2021 hadde selskapet 41 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 0,4 millionar kroner.

I 2022 fall driftsinntekta til 26 millionar kroner og selskapet fekk eit underskot før skatt på 7,5 millionar kroner.

Publisert: 09.11.2023 14:29

Sist oppdatert: 08.01.2024 16:09