CN PP Severin Gjerde foto Com Net
EIGARENDRING: Severin Gjerde ei ein av dei nye eigarane i Com-Net u Ulsteinvik. Foto: Com-Net.
Nytt

Eigarskifte i Ulstein-selskap

Severin Gjerde er ny dagleg leiar og medeigar. Har Karsten Gefle og Frank Håkon Garnes som medeigarar.

08.02.2022

Com-Net i Ulsteinvik er eit elektro- og telecomleverandørselskap, som byggjer ut og leverer tele-, fiber- og datanettverk på Nordvestlandet.

No har Teal Holding, som er eigd av Gjerde, Gefle og Garnes, blitt ny hovdudaksjonær i selskapet.

Nye investorar på veg inn
Tidlegare eigar, Kurt Eilertsen, held fram som medeigar i selskapet, og om ikkje langt tid vil også andre investorar kome inn på eigarsida, ifølgje Gjerde.

Han vil førebels ikkje seie nok om kven det blir, ut over at dei nye medeigarane først og fremst skal tilføre selskapet kompetanse.

Meir service
Com-Net hadde 46 millionar kroner i driftsinntekter og 3,3 millionar kroner i resultat før skatt i 2020 (sist tilgjengleg reknskap).

Gjerde seier selskapet framover ventar veksten skal kome i service og ettermarknaden, sidan mykje av infrastrukturen for tele- fiber og datanettverek alt er bygd.

Gjerde har erfaring frå elektrobransjen og var tidlegare styreleiar i Nostec (Norwegian Ocean Space Technology), som utvikla ei ny ladeløysing for ferjer.

Publisert: 08.02.2022 16:55

Sist oppdatert: 08.02.2022 17:17

Mer om