Sunnmøre tingrett foto ogne
AVLYST: Rettsak om konkurskrav avlyst ein og ein halv time før den skulle starte. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurssak mot Golden Energy-selskap avlyst

Avlyst kort tid før konkurskrav frå skatteetaten mot managementselskap skulle opp i retten.

17.10.2022

Ein og ein halv time før Skatteetaten og managementselskapet Golden Energy Offshore Management skulle møtest i retten måndag vart konkurssaka avlyst.

Møre og Romsdal tingrett hadde sett av ein halv time frå klokke 10 for å handsame kravet frå Skatteetaten mot managementselskapet.

Retten opplyser at saka er avlyst og at det vil kome ei avgjerd frå dommaren i dag, eller i morgon. Ut over det gir ikkje retten opplysningar om kva som er årsaka til at saka er avlyst.

Ingen av partane har opplyst kva som er årsaka til konkurskravet frå Skatteetaten.

Golden Energy Offshore Management hadde 21,2 millionar kroner i driftsinntekter og ein million kroner i resultat før skatt i 2021.

Selskapet er eigd av Golden Energy Offshore Management Holding som i sin tur er eigd av det utanlandske selskapet Sakashita Co Ltd (85%) og Famar Shipping (15 prosent) - eit selskap eigd av Per Ivar Fagervoll og hans familie.

Publisert: 17.10.2022 09:08

Sist oppdatert: 17.10.2022 10:24

Mer om