Kontraktar for 120 millionar i aar
SJU BÅTAR: Kystvakta skal ha minst sju av desse båtane frå Maritime Partner. "Ein betydeleg kontrakt", seier Maritime Partner-sjef Peder Myklebust. 
Nytt

Kontraktar for 120 millionar i år

Maritime Partner skal levere sju båtar til Kystvakta.

19.10.2020
Med dei sju båtane til Kystvakta er Maritime Partner i Breivika i Ålesund oppe i ein ordreinngang på til saman over 120 millionar kroner hittil i år.
Den siste av dei sju båtane skal leverast neste sommar. Kystvakta har også opsjon på to båtar til.
Båtane skal brukas av den Indre Kystvakta.
Båttypen skal heite Sjøbjørn 23 og er ein nyutvikla modell, litt mindre enn Sjøbjørn 25 som har vore brukt som lettbåt av Sjøforsvaret i 30 år. Båten vil i hovudsak bli brukt til inspeksjonar, redningsoppdrag, patruljering og som arbeidsbåt, ifølgje ei pressemelding.

Kundar på gjerdet

Maritime Partner hadde i fjor den høgste driftsinntekta sidan 2014 - 263 millionar kroner.
I år har koronakrisa fått moglege kundar til å vente med å bestille nye båtar, noko som har reduserte ordreinngangen.

I tillegg har reiserestriksjonar gjort det vanskeleg å reise ut til kundar for service og vedlikehald, som har gått ut over inntektene frå ettermarknaden.

Publisert: 19.10.2020 15:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03