Hans Peter Koppernæs Kenneth Lande Klokk foto Kristin
Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Har tatt full kontroll i TripleNine

I løpet av sommaren har Koppernæs-konsernet i Ålesund kjøpt ut resten av dei danske småaksjonærane i fiskeindustrikonsernet TripleNine, og vil vekse vidare.

10.08.2022

Triple Nine foredlar ulike fiskeslag til fiskemjøl og - olje, og omfattar fabrikk på Vedde i Sula, to fabrikkar i Danmark ein i Chile.

Koppernæs eig selskapet gjennom datterselskapet Koppernæs Protein, som også er den største og viktigaste verksemda i konsernet.

I tillegg omfattar selskapet Koppernæs Fastener, med datterselskapet Tingstad og Nordic Fastener Group som leverer festemateriell, pakningar, verkty, beslag og kjemiprodukt. Eigedom er det tredje, og minst viktige beinet konsernet står på.

Koppernæs as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt3343,53624,4
Driftsresultat35,7175,7
Resultat før skatt20,1138,8

Færre folk
Hovudårsaka til nedgangen i driftsinntekter og lønsemd frå 2020 til 2021 (sjå tabell) er vanskar i den største fabrikken, TripleNine Thyborøn.

Det var mindre fisk, hardare konkurranse og driftsvanskar. Arbeidsstyrken vart redusert med omlag 35 personar, cirka 25 prosent, og kapasiteten i fabrikken redusert som ein konsekvens av reduserte fiskekvotar framover.

Med omlegginga har Thyborøn også blitt eit plussforetak.

- Vi kjem til å levere sterke tal alle deler av konsernet i år, seier konsernsjef Kenneth Lande Klokk i Koppernæs.

Pustepause
Koppernæs kom inn som medeigar i Triple Nine i 2013, der Koppernæs-eigde Vedde Sildoljefabrikk vart slått saman med Triple Nine.

Koppernæskonsernet og dei opphavlege eigarane delte eigarskapen 50/50, men etterkvart har Koppernæs gradvis kjøpt ut resten av aksjonærane heilt til Koppernæs vart eineeigar i sommar.

90-prosent eigarskap vart passert i fjor, og i år vart resten av eigarane kjøpte ut.

No skal merksemda rettast mot drifta av Triple Nine, til Koppernæskonsernet er trygg på at det har fått gjennomført dei endringane som konsernet ønskjer og har kontroll på drifta.

Deretter er tida inne for å sjå på ny vekst.

- Vi er opne for fleire moglegheiter, seier Lande Klokk.

Forlik i familien
Selskapet blei etablert av Hans Peter Koppernæs på 1880-talet.

I dag omfattar Koppernæs-konsernet fiskeindustri, industri-/handelsverksemd og eigedomsinvesteringar.

Namnet på grunnleggaren har gått i arv, og i dag er femte generasjon Hans Peter Koppernæs styreleiar - og medeigar med 20,25 prosent.

Tidlegare i år vart det inngått eit forlik med Kopparnæs-selskap og medeigar Jens Erik Koppernæs, onkel til Hans Peter. Han ville ha omgjort omorganiseringar i selskapa gjorde i 2020. Partane striddest om spørsmålet i det heile kunne takast til retten.

Jens Erik Koppernæs fekk til slutt gjennomslag for at det skulle bli rettsak, men før det kom dit inngjekk partane eit forlik som sette punktum. Innhaldet i forliket er ikkje offentleggjort.

Koppernæs Fasteners as (underkonsern)

Eig datterselskapa Nordic Fastening Group og Tingstad

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt495,9427,5
Driftsresultat44,931,1
Resultat før skatt44,528,1

Publisert: 10.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 10.08.2022 05:18

Mer om