Botholf Stolt-Nielsen i lakseeksportselskapet Ocean Supreme i Ålesund seier at Bejing har forbode import av laks. Laksekjøparar ellers i Kina har sett importen av norsk oppdrettlaks på vent, inntil det kjem signal frå styresmaktene om korleis lakseimporten skal handterast.
- Vi tar fisken som skulle gått til Kina mot andre marknadar, seier Stolt-Nielsen.
I veke 23 (første veka i juni) vart det eksportert 352 tonn fersk laks til Kina, med ein eksportverdi på 27,6 millionar kroner, i følgje Stolt-Nielsen. Det utgjer omlag 1,5 prosent av den samla norske eksporten.
Grunnen er at utbrot av koronasjuke er knytt til ein matmarknad i Bejing, og at viruset er funne blant anna på et skjerebord der laks blir bearbeida for sal i butikkar.
Stolt-Nielsen seier marknaden er prega av uvisse, mellom anna om verknaden av eit eventuelt inspeksjonskrav på importert laks.
I meldinga skriv Sjømatrådet at det ikkje er sendt ut noko offisiell melding kva som er kjelda for koronautbrotet og at spekulasjonar om kvar det kjem frå bør unngåast.
I følgje meldinga har det norske Matttilsynet gjort det klart at koronaviruset ikkje går ut over matvaretryggleiken, og at det ikkje er nokon påviste tilfeller der koronaviruset smittar via vatn eller matvarer.
Sjømatrådet skriv og at det er usannsynleg at vatn og mat kan vere smittekjelde, ut frå det ein i dag veit om viruset.
- Vi tar fisken som skulle gått til Kina mot andre marknadar, seier Stolt-Nielsen.
I veke 23 (første veka i juni) vart det eksportert 352 tonn fersk laks til Kina, med ein eksportverdi på 27,6 millionar kroner, i følgje Stolt-Nielsen. Det utgjer omlag 1,5 prosent av den samla norske eksporten.
Funn på skjerebord
I følgje , som dekkjer internasjonal oppdrettsnæring, fjerna butikkane i Bejing laurdag laks frå kjølediskane.Grunnen er at utbrot av koronasjuke er knytt til ein matmarknad i Bejing, og at viruset er funne blant anna på et skjerebord der laks blir bearbeida for sal i butikkar.
Stolt-Nielsen seier marknaden er prega av uvisse, mellom anna om verknaden av eit eventuelt inspeksjonskrav på importert laks.
Trygt
Sjømatrådet (tidlegare Eksportutvalget for fisk) sende i går, søndag 14. juni, ut ei melding til eksportørane om informasjon til kinesiske importørar og distributørar.I meldinga skriv Sjømatrådet at det ikkje er sendt ut noko offisiell melding kva som er kjelda for koronautbrotet og at spekulasjonar om kvar det kjem frå bør unngåast.
I følgje meldinga har det norske Matttilsynet gjort det klart at koronaviruset ikkje går ut over matvaretryggleiken, og at det ikkje er nokon påviste tilfeller der koronaviruset smittar via vatn eller matvarer.
Sjømatrådet skriv og at det er usannsynleg at vatn og mat kan vere smittekjelde, ut frå det ein i dag veit om viruset.
Publisert: 15.06.2020 10:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58