Korona gir prispress
KORONAEFFEKT: Redusert etterspørselm i restaurantmarknaden og større utfordringar med flyfrakt vil presse prisen og oppdrettsaure og - laks i år, ventar Roger Hofseth i Hofseth Aqua.
Nytt

Korona gir prispress

Hofseth Aqua med kraftig opptur i fjor, men ventar korona-press på pris i 2020.

27.04.2020
Oppdrettselskapet Hofseth Aqua fekk ein kraftig opptur i 2019. Driftsinntektene steig nesten 40 prosent samanlikna med 2018, til 630,7 millionar kroner. Resultatet før skatt meir enn dobla seg, til 131,5 millionar kroner før skatt (sjå tabell).
Selskapet driv smoltproduksjon og oppdrett av regnbogeaure og laks i Fjord og Stranda kommune og har slakteri i Ålesund. Regnebogeaure utgjer omlag 90 prosent av inntektene, i følgje selskapet.
I fjor slakta Hofseth Aqua så mykje som det hadde planlagt, og drifta var god,

Korona-effekt

2020 starta bra, med høge prisar, men så kom koronaepidemien.
Hofseth Aqua trur konsekvensen av epidemien og smitteverntiltaka vil legge press på prisane gjennom 2020. Grunnen er at redusert etterspørsel frå restaurant og serveringsmarknaden og at det er meir utfordrande å få frakta fisk med fly.
Selskapet planlegg og slakte like mykje fisk i år som i fjor.

Prisfall

I januar og februar var prisen på oppdrettsaure omlag som i same månadar i 2018- like i overkant av 60 kroner pr. kilo, i følgje prisstatistikken til Norges Sjømatråd.
I mars i fjor var prisen 71,20 kroner pr. kilo, i mars i år var den 57,42 kroner pr. kilo.

Publisert: 27.04.2020 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56