Nortrax Veg og Trafikk i Langevåg i Sula melde oppbod i juni etter å ha vore i bransjen kring 15 år. Nyleg blei bubehandlinga innstilt av Sunnmøre tingrett.
I sluttberetninga til bustyrar Cathrin Myre Skram går det fram at leiinga viser til koronapandemien som den utløysande årsaka til konkursen.
Styreleiar opplyser at koronapandemien førte til at det ikkje er fakturert ein einaste arbeidstime, og at han ikkje såg at det var grunnlag for vidare drift.
- Det visast til at selskapet sin eigenkapital var tapt i 2017, og etter dette har aksjonærane måtte tilfører selskapet midlar til å dekke løpande utgifter, heiter det i beretninga.
Buet hadde motteke 19 krav på til saman 286.546 kroner på tidspunktet for sluttberetninga. Alle krava gjeld feriepengar frå tidlegare tilsette, som blir dekka av lønnsgaranti frå Nav.
Frå 2019 gjekk selskapet over til å vere eit reint konsulentfirma, og dei tilsette blei overført til Securitas Service. Difor var det berre styreleiar og dagleg leiar som var tilsett i firmaet då det melde oppbod.
I 2018 hadde selskapet eit lite underskot etter ei omsetning på 34 millionar kroner. I 2020 har selskapet berre hatt 162.000 i inntekt.
Buet enda opp med ei underdekning på drygt 30.000 kroner, ifølgje rapporten. Bustyrar har ikkje funne forhold ho meiner kan vere straffbare, eller som gir grunn til å anbefale konkurskarantene.
I sluttberetninga til bustyrar Cathrin Myre Skram går det fram at leiinga viser til koronapandemien som den utløysande årsaka til konkursen.
Styreleiar opplyser at koronapandemien førte til at det ikkje er fakturert ein einaste arbeidstime, og at han ikkje såg at det var grunnlag for vidare drift.
Eigenkapitalen tapt i 2017
Etter ei gjennomgang av rekneskapane, er bustyrar delvis samd i vurderinga, men viser også til at bedrifta i fleire år har vore i økonomisk trøbbel.- Det visast til at selskapet sin eigenkapital var tapt i 2017, og etter dette har aksjonærane måtte tilfører selskapet midlar til å dekke løpande utgifter, heiter det i beretninga.
Buet hadde motteke 19 krav på til saman 286.546 kroner på tidspunktet for sluttberetninga. Alle krava gjeld feriepengar frå tidlegare tilsette, som blir dekka av lønnsgaranti frå Nav.
La om drifta
Tidlegare hadde selskapet eigne tilsette som utførte arbeid som trafikkvakter ved vegarbeid.Frå 2019 gjekk selskapet over til å vere eit reint konsulentfirma, og dei tilsette blei overført til Securitas Service. Difor var det berre styreleiar og dagleg leiar som var tilsett i firmaet då det melde oppbod.
I 2018 hadde selskapet eit lite underskot etter ei omsetning på 34 millionar kroner. I 2020 har selskapet berre hatt 162.000 i inntekt.
Buet enda opp med ei underdekning på drygt 30.000 kroner, ifølgje rapporten. Bustyrar har ikkje funne forhold ho meiner kan vere straffbare, eller som gir grunn til å anbefale konkurskarantene.
Publisert: 03.09.2020 09:21
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:33