Korona-stopp for fiskebåtreiarane
For andre år på rad set pandemien stopp for Oslo-samling. Også Ålesund-konferanse er råka.
No tel Fiskebåt på knappane om arrangementet i februar skal utsettast på ubestemt tid, eller avlysast - og sjølve årsmøtet arrangerast som nettmøte.
Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten i Noreg, med hovudkontor i Ålesund.
Profilering
Organisasjonen har i fleire år brukt Hotel Bristol i Oslo som møteplass for årsmøte-arrangementet sitt, for å gjere det lettare å profilere organisasjonen i det sentrale politiske miljøet.
Sjølve årsmøtet er ein formell og kjapt avvikla post på tampen av den to dagar lange samlinga.
Mesteparten av tida blir brukt til ein fagleg og politisk debatt der både statsminister og fiskerminister har stilt opp på talarstolen og i debatt.
Avlyst på ubestemt tid
Den tradisjonelle Ombordfryst-konferansen i Ålesund er også råka av strengare smittevern-tiltak.
Konferansen er eit samarbeid mellom Norges sjømatråd, Fiskebåt og Nordea, og skulle gå av stabelen 13. januar i år. No er den utsett på ubestemt tid.
Les også
Publisert: 03.01.2022 13:41
Sist oppdatert: 04.05.2022 18:12