Brattvåg Fjordhotell
STILLER OPP: Koronapandemien gjorde 2020 til ei tøft år for Brattvåg Fjordhotell, men eigarane stille opp med meir eigenkapital eller ansvarleg lån om det blir naudsyntl.
Nytt

Korona stoppa oppturen

Koronaepidemien stoppa tre år med opptur for Brattvåg Fjordhotell.

19.07.2021

Ved årskiftet 2016/2017 tok nye eigarar over Brattvåg Hotell etter Tove Vestre og Trond Arve Skjeltens selskap, Brattvåg Holding.

Les også

No er det eigedomselskapet Samfjordkvartalet (80 prosent) og hotelldirektør Linda Flem Harnes sitt selskap Librata (20 prosent) som eig hotellet.

Med eigarskiftet blei det namneskifte til Brattvåg Fjordhotell, oppussing og satsing også på turisme.

Frå 2017 til 2019 auka selskapet driftsinntektene kvart år og passerte i 2019 inntekts-toppen hotellet hadde hatt før eigerskiftet. Lønsemda betra seg år for år, og selskapet gjekk praktisk tala i balanse i 2019.

To år med koronatrøbbe
2020 blei ein nedtur, med eit inntektsfall på over to millionar kroner, tilsvarande 17,6 prosent frå 2019.

Underskotet før skatt blei ein million kroner (sjå tabell), som gjorde at selskapet sin bokførte eigenkapital blei negativ i 2020.

"Koronapandeminen har gitt store utfordringer for reiselivsnæringen i 2020, og forventes å gi store utfordringer også i 2021. Selskapet har tapt betydelig omsetning på grunn av dette, og selskap er påført ytterligere tap", skriv Brattvåg Fjordhotell i årsmeldinga for 2020.

Klar med ny kapital
Trass underskot og negativ eigenkapital i fjor held drifta fram. Eigarane bak selskapet "vil om nødvendig tilføre ny egenkapital, eller ansvarlig lån som gjør at forutsetningen for fortsatt drift er tilstede", heiter det i årsmeldinga.

Dei største eigarane i Samfjordkvartalet er Brødrene Dyrøy as ( 21,9 prosent), Bunnpris Møre (21,6 prosent) og Lag Invest (15,9 prosent). Lag Invest er eig 50/50 av Arne Gunnar Harnes og Leif Arne Langøy og familie.

Brattvåg Fjordhotell as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt9,811,9
Driftsresultat -1,0-0,003
Resultat før skatt-1,0-0,01

Publisert: 19.07.2021 09:07

Sist oppdatert: 19.07.2021 09:08

Mer om