Korona stoppa trainee program
UFLAKS: Bente Lund Jacobsen i Næringsforeningen Ålesundregionen måtte utsette start av traineeprogrammet for Sunnmøre i fjor på grunn av lite interesse. I år var det mange nok bedrifter som ville vere med, men koronaviruset gjer at starten er flytta til 2021.
Nytt

Korona stoppa trainee-program

Næringsforeningen Ålesundregionen skulle starte trainee-program til hausten, men så kom koronaepidemien.

31.03.2020
Etter ein hektisk sluttspurt hadde dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i Næringsforeningen Ålesundregionen fått med seg nok bedrifter til å dra i gang ei trainee-ordning for Nordvestlandet.
Ei traineeording har stått på ønskelista til Næringsforeningen lenge, men det har vore tyngre å få bedriftene med på opplegget enn Lund Jacobsen hadde håpa på.

Korona-stopp

Like før fristen gjekk ut kom det nok bedrifter på plass til at Næringsforeningen ville starte rekrutteringa av traineekandidatar for å sette i gang til hausten, men koronaepidemien og tiltaka mot den har gjort at satsinga no er utsett til august 2021.
Ideen med traineeordninga er å tilby nyutdanna folk med bachelor eller masterutdanning å arbeide eitt år som trainee i ei bedrift.
Sogn og Fjordane har hatt ei liknande ordning sidan 2005 og Kristiansund sidan 2006.

Rekrutteringsproblem

I januar i år kom Lund Jacobsen med ein advarsel til næringslivet på Nordvestlandet.
Grunnen var telefonar og epostar frå godt kvalifiserte jobbsøkjarer med adresse utanfor Nordvestlandet, som opplever at dei ikke blir innkalla på intervju om jobbar dei har søkt på.
- Det er trist at Næringsforeningen får henvendelsar frå mange søkjarar utanfrå denne regionen, som ikkje eingong blir innkalt til intervju, sa Lund Jacobsen til NETT NO.

Publisert: 31.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55