Jan Eldar Hovdenakk og sønene Hans Nicolai og Per Andreas har koronaepidemien gitt både ein positiv og negativ verknad.
Hovdenakk Hjortefarm i ved Bondalseidet i Ørsta, som dei tre eig i fellskap, slakta sine første hjortar i 2019. I fjor dobla selskapet driftsinntektene, men kunne truleg auka meir om det ikkje var for korona.
Restaurantar er ei viktig målgruppen for Hovdenakk Hjortefarm, men koronaepidemien og tiltaka mot den bremsa veksten i restaurantmarknaden.
I år trur Per Andreas O. Hovdenakk på vekst både i driftsinntekter og lønsemd for Hovdenakk Hjort.
Meir mjølk
Jan Eldar og Hans Nicolai eig og Vassenden Samdrift as i Åmdal i Ørsta, eit selskap dei overtok i 2019, frå bønder som opphavleg skipa selskapet for å samle mjølkeproduksjonen sin i eitt felles fjøs.
Les også
Då låg dei tok over låg Vassenden Samdrift an til å måtte kutte i mjølkeproduksjonen sin.
Under koronakrisa har nordmenn kjøpt meir norsk mjølk og mjølkeprodukt. Auka etterspørselen, saman med at staten har kjøpt ut kvotar frå bønder som har lagt ned, har gjort at kvotane er auka i den kvoteregulerte mjølkeproduksjonen.
I år har Vassenden Samdrift ein kvote på 616 tusen liter, omlag 10 prosent meir enn Vassenden Samdrift hadde i 2020.
Ein ny mjølkerobot i fjøset har auka produksjonen per ku. Den gjer mjølkinga raskare unna, som betyr mindre ventetid framfor mjølkeroboten. Fordelen med det er mellom anna at kyrne kan mjølke meir fordi dei blir mindre sjuke.
Vassende Samdrift har og investert i maskiner og utstyr for å sjølve kunne slå og pakke graset i rundballar. Betre styring med slåtten betrar fôrkvalitetet og dermed også kvaliteten på mjølka, seier Hans Nicolai Hovdenakk.
2020-reknskapen for Vassenden Samdrift er ikkje klar enno. I 2019 hadde selskapet 5,6 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 0,3 millionar kroner.
Større bruk
Hovdenakk-familien si satsing på Vassenden Samdrift og hjorteoppdrett er døme på ein mangeåreig trend i norsk landbruk. Det blir færre bruk, men dei bruka som er att blir større.
I Møre og Romsdal auka storleiken per aktivt bruk med 47 prosent frå 2000 til 2020 viser Landbruksbarometeret 2021, som Agri Analyse har gjort for Norges Bondelag.
Barometeret er både ei tilstandsmåling og stemningsmåling av landbruket.
Hovdenakk Hjort as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 0,8 | 0,4 |
Driftsresultat | 0,08 | -0,1 |
Resultat før skatt | 0,07 | -0,7 |
Publisert: 05.05.2021 09:55
Sist oppdatert: 05.05.2021 09:53