- Vi har fleire fordelar med å drive dette og hjortefarm samtidig, seier Jan Eldar Hovdenakk.
Han og sønene Hans Nicolai og Per Andreas driv ein uvanleg kombinasjon. Vassenden samdrift as Åmdalen i Ørsta driv mjølke- og kjøtproduksjon, og rett oppe i bakken ligg heimegarden og Hovdenakk Hjortefarm.
Samstundes er dei typiske for dei som investerer i norsk landbruk. Dei som satsar, satsar stort.
Tilskot til bygging av driftsbygningar i Møre og Romsdal om lag dobla seg frå 2014 til 2018. I fjor vart det gitt 44 millionar kroner i slike tilskot, og det ligg an til å bli om lag det same i år.
Tilskota dekkjer om lag 25 prosent av kostnadene, som betyr at det er snakk om investeringar på over 175 millionar kroner.
Talet på bønder som får tilskot til storfe- eller mjølkeproduksjon er om lag lik dei to åra, cirka 40.
Det betyr at gjennomsnittsinvesteringa er cirka 4,4 millionar kroner, rundt dobbelt så stor i dag som for fire år sidan.
- Fram til i dag har dei klart seg bra, dei aller fleste, seier han.
Historisk har banken tapt lite på utlån til landbruket, og Tryggestad si vurdering er at risikoen er lite endra sjølv om kvar einskild investering er blitt større.
Men investeringsnivået har betydning for den einskilde bonden, som med få unntak er personlege eigarar.
Storleiken på investeringa krev ein meir langsiktig plan enn før, etter Tryggestad si vurdering.
Den investeringa som skulle til for eit lite bruk var ikkje større enn at den eventuelle gjelda var til å bere, sjølv om bonden skulle finne på å legge ned drifta og leve av anna arbeid. Gjelda blir med på lasset, men den kan handterast.
Dei som investerer no investerer stor sett så stort og låner så mykje at dei må ha inntekt frå gardsdrifta for å kunne handtere lånet. Det å legge ned og handtere lånet berre med lønsinntekt går ikkje.
Difor er det tyngre å hoppa ut av næringa dess større investeringane er.
Men gjeld og investeringsnivå ser ikkje ut til å skreme bøndene.
- Eg føler det er meir optimisme enn det har vore før, seier Tryggestad.
Taket på kor mykje mjølk som blir produsert per gardsbruk vart meir enn dobla, til 900.000 liter.
Med det tok ho også bort det viktigaste poenget med å etablere såkalla samdrifter, der fleire bønder samlar seg om eitt stort fellesfjøs og driv saman.
Dei som byggjer slike fjøs i dag gjer det åleine, og inngår langsiktige avtalar om å slå graset hos bønder som har avvikla husdyrhaldet.
I dag er det 2.502 gardbruk i drift i Møre og Romsdal, i følgje ei oversikt Tryggestad har laga.
Det er meir enn ein halvering sidan 1996. Men færre aktive bønder betyr ikkje at det blir produsert mindre. Dei som er att har auka produksjonen slik at den samla sett er omlag som for 23 år sidan.
Det har blitt færre bønder, som satsar meir.
Entreprenørselskapet Humberset Maskin har avtale om å slå over 15 gardar i Ørsta, Volda og Rovde i Vanylven, mellom andre dei fem gardane som før eigde Vassenden samdrift i Åmdalen.
I slåtten har Sindre Humberset i Humberset Maskin fire mann i drift med å slå gras.
Det starta i 2013.
- Eg skulle slå til meg sjølv, og så kjøpte eg dyrare utstyr enn eg trengte, seier Humberset.
Maskinparken til slåtten er på fire traktorar, to slåmaskiner, to maskiner som vender graset og ei rundballepresse. Traktorane brukar han til anna arbeid elles i året. Resten av utstyret – som nytt kostar rundt 1,6 millionar kroner - blir berre tatt fram til slåtten.
Til saman har selskapet ein kapasitet på å slå 500 mål om dagen.
Humberset er klar på kvifor bøndene brukar han. Det handlar om tid.
- Dei rekk ikkje over alt, seier han.
Til saman er første- og andreslåtten på dei gardane Humberset Maskin slår, gjort på om lag ein månad, seier Humberset.
Selskapet hadde 7,5 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 og Humberset anslår at om lag ein tredjepart skriv seg frå grasslåtten.
Ei nedlagt samdrift ville svekke landbruket i Åmdalen kraftig. Det ville Hovdenakkfamilien unngå.
Kjøpet vart avtalt i sommar, og i september skjedde eigarskiftet.
Med eigarskiftet kjem og ei oppbemanning i fjøsen. I tillegg til den eine tilsette i fjøsen, skal Hans Nicolai arbeide der, og den ekstra innsatsen håpar dei skal løfte kvaliteten på mjølka - og gi betre pris. Med ei mjølkekvote på 564 000 liter blir det fort pengar om dei klarer å få meir per liter.
Hjortefarmen er Per Andreas sitt ansvarsområde. Dei første hjortane frå farmen blei slakta tidlegare i år.
Nedskjering, pakking og mørning skjer i eige anlegg. Den tidlegare fjøsen i Hovdenakk er tatt i bruk, og utvida.
Her tek dei og imot hjort frå jegerar, skal også ta i mot slakt frå gardsbruket og skal halde kurs i behandling og foredling av kjøt.
Alt i dag er dei i gang med direkte sal frå garden, og planen er å innreie eit eige lokale for gardsutsal.
Førebels er det litt prøving og feiling for å finne dei rette salskanalane og kundane. Det handlar mellom anna om å spele på interessa for kortreist og lokalt produsert mat.
- Det vi har gjort i år er å teste marknaden, seier Per Andreas.
Han og sønene Hans Nicolai og Per Andreas driv ein uvanleg kombinasjon. Vassenden samdrift as Åmdalen i Ørsta driv mjølke- og kjøtproduksjon, og rett oppe i bakken ligg heimegarden og Hovdenakk Hjortefarm.
Samstundes er dei typiske for dei som investerer i norsk landbruk. Dei som satsar, satsar stort.
Tilskot til bygging av driftsbygningar i Møre og Romsdal om lag dobla seg frå 2014 til 2018. I fjor vart det gitt 44 millionar kroner i slike tilskot, og det ligg an til å bli om lag det same i år.
Tilskota dekkjer om lag 25 prosent av kostnadene, som betyr at det er snakk om investeringar på over 175 millionar kroner.
Talet på bønder som får tilskot til storfe- eller mjølkeproduksjon er om lag lik dei to åra, cirka 40.
Det betyr at gjennomsnittsinvesteringa er cirka 4,4 millionar kroner, rundt dobbelt så stor i dag som for fire år sidan.
Fryktar ikkje tapsbølgje
Det har blitt meir gjeld hos dei som investerer i landbruket, men Stig Tryggestad, leiar for utlån til landbruksnæringa i Sparebanken Møre er ikkje uroa.- Fram til i dag har dei klart seg bra, dei aller fleste, seier han.
Historisk har banken tapt lite på utlån til landbruket, og Tryggestad si vurdering er at risikoen er lite endra sjølv om kvar einskild investering er blitt større.
Men investeringsnivået har betydning for den einskilde bonden, som med få unntak er personlege eigarar.
Storleiken på investeringa krev ein meir langsiktig plan enn før, etter Tryggestad si vurdering.
Den investeringa som skulle til for eit lite bruk var ikkje større enn at den eventuelle gjelda var til å bere, sjølv om bonden skulle finne på å legge ned drifta og leve av anna arbeid. Gjelda blir med på lasset, men den kan handterast.
Dei som investerer no investerer stor sett så stort og låner så mykje at dei må ha inntekt frå gardsdrifta for å kunne handtere lånet. Det å legge ned og handtere lånet berre med lønsinntekt går ikkje.
Difor er det tyngre å hoppa ut av næringa dess større investeringane er.
Men gjeld og investeringsnivå ser ikkje ut til å skreme bøndene.
- Eg føler det er meir optimisme enn det har vore før, seier Tryggestad.
Større og færre
Investeringsauken i landbruket er delvis knytt til ei endring som Sylvi Listhaug (Frp) fekk gjennomført då ho var landbruksminister i 2014.Taket på kor mykje mjølk som blir produsert per gardsbruk vart meir enn dobla, til 900.000 liter.
Med det tok ho også bort det viktigaste poenget med å etablere såkalla samdrifter, der fleire bønder samlar seg om eitt stort fellesfjøs og driv saman.
Dei som byggjer slike fjøs i dag gjer det åleine, og inngår langsiktige avtalar om å slå graset hos bønder som har avvikla husdyrhaldet.
I dag er det 2.502 gardbruk i drift i Møre og Romsdal, i følgje ei oversikt Tryggestad har laga.
Det er meir enn ein halvering sidan 1996. Men færre aktive bønder betyr ikkje at det blir produsert mindre. Dei som er att har auka produksjonen slik at den samla sett er omlag som for 23 år sidan.
Det har blitt færre bønder, som satsar meir.
Slår over 15 gardar
Større gardar på færre hender opnar og for spesialisering.Entreprenørselskapet Humberset Maskin har avtale om å slå over 15 gardar i Ørsta, Volda og Rovde i Vanylven, mellom andre dei fem gardane som før eigde Vassenden samdrift i Åmdalen.
I slåtten har Sindre Humberset i Humberset Maskin fire mann i drift med å slå gras.
Det starta i 2013.
- Eg skulle slå til meg sjølv, og så kjøpte eg dyrare utstyr enn eg trengte, seier Humberset.
Maskinparken til slåtten er på fire traktorar, to slåmaskiner, to maskiner som vender graset og ei rundballepresse. Traktorane brukar han til anna arbeid elles i året. Resten av utstyret – som nytt kostar rundt 1,6 millionar kroner - blir berre tatt fram til slåtten.
Til saman har selskapet ein kapasitet på å slå 500 mål om dagen.
Humberset er klar på kvifor bøndene brukar han. Det handlar om tid.
- Dei rekk ikkje over alt, seier han.
Til saman er første- og andreslåtten på dei gardane Humberset Maskin slår, gjort på om lag ein månad, seier Humberset.
Selskapet hadde 7,5 millionar kroner i driftsinntekter i 2018 og Humberset anslår at om lag ein tredjepart skriv seg frå grasslåtten.
Lokalmat-satsing
Hovdenakk Hjortefarm og Vassende Samdrift er nære naboar og naboskapen spelte inn då kjøpet vart avtalt.Ei nedlagt samdrift ville svekke landbruket i Åmdalen kraftig. Det ville Hovdenakkfamilien unngå.
Kjøpet vart avtalt i sommar, og i september skjedde eigarskiftet.
Med eigarskiftet kjem og ei oppbemanning i fjøsen. I tillegg til den eine tilsette i fjøsen, skal Hans Nicolai arbeide der, og den ekstra innsatsen håpar dei skal løfte kvaliteten på mjølka - og gi betre pris. Med ei mjølkekvote på 564 000 liter blir det fort pengar om dei klarer å få meir per liter.
Hjortefarmen er Per Andreas sitt ansvarsområde. Dei første hjortane frå farmen blei slakta tidlegare i år.
Nedskjering, pakking og mørning skjer i eige anlegg. Den tidlegare fjøsen i Hovdenakk er tatt i bruk, og utvida.
Her tek dei og imot hjort frå jegerar, skal også ta i mot slakt frå gardsbruket og skal halde kurs i behandling og foredling av kjøt.
Alt i dag er dei i gang med direkte sal frå garden, og planen er å innreie eit eige lokale for gardsutsal.
Førebels er det litt prøving og feiling for å finne dei rette salskanalane og kundane. Det handlar mellom anna om å spele på interessa for kortreist og lokalt produsert mat.
- Det vi har gjort i år er å teste marknaden, seier Per Andreas.
Publisert: 29.12.2019 06:00
Sist oppdatert: 03.05.2021 09:52